Kløyvd infinitiv

Kva er kløyvd infinitiv, eigentleg? Kan ein framleis nytta det i skrift? Kvar finn eg opplysningar om kva verb som skal ha a-ending i dette systemet?

Svar

Det finst tre måtar å handtera infinitivsendingar på i nynorsk: 1) a-infinitiv, 2) e-infinitiv og 3) kløyvd infinitiv, det vil seie at infinitivane er delte (kløyvde) i to grupper: e-infinitivar og a-infinitivar. Dei tre systema kan ikkje kombinerast.

Kløyvd infinitiv er ein særskild historisk framvaksen kombinasjon av a- og e-former (døme: å vera, men å finne), sjå «Historisk bakgrunn» nedanfor. Systemet er ikkje forklart i ei handvending, så ein må ta seg litt tid og setja ned lesefarten. 

Ein artikkel om kløyvd infinitiv i skriftnormalane finn du på nettsidene til Språkrådet. Ei anna utgreiing står i Ny rettskriving for 2000-talet, kapittel 3.4.1 Infinitiv.

Ei liste med dei verba som skal ha a-infinitiv, er sett inn heilt til slutt nedanfor.

Stillinga i skriftnormalane

Bokmål har no berre e-infinitiv. Kløyvd inifinitiv var sideform (altså ikkje til bruk i lærebøker eller i statstenesta) i bokmål frå 1938 til 2005. I nynorsk vart kløyvd infinitiv nytta (med ein slags sideformstatus) fram til 1938, då det vart jamstilt form. I 1959 vart det sideform, og i 2012 vart det jamstilt att. 

Det geografiske grunnlaget

Kløyvd infinitiv er eit austnorsk målmerke med grunnlag i gamalnorsk. Det aller meste av Austlandet, jamvel Oslo, har til nyleg hatt mykje kløyvd infinitiv, og restar av systemet finst framleis i folkeleg oslomål (jf. vær(r)a og gjør(r)a).

Det historiske grunnlaget (OBS: krev konsentrasjon!)

I gamalnorsk hadde verb a-infinitiv. Rotvokalen (vokalen inni ordet) var anten stutt (som i-en i lifa ‘leva’) eller lang (som i skrífa ‘skriva’). Lengd er markert med aksent over rotvokalen.

Langstava verb er verb med lang vokal, dobbel konsonant eller begge delar. I slike verb vart endinga etter gamalnorsk tid redusert til -e i austnorsk.  I trøndersk forsvann han heilt (såkalla apokope). Stuttstava verb hadde etter måten mindre «tyngd» i rota og dermed meir jamvekt mellom stavingane. I desse stuttstava jamvektsorda heldt a-endinga frå gamalnorsk seg.

Sidan har vi hatt ei såkalla kvantitetsomlegging, som inneber at alle verb i moderne norsk er langstava (har lang rotstaving), men den omlegginga har ikkje tilbakeverkande kraft på endingane. Kvantitetsomlegginga gjer at uttalen av rota (altså lengda) ikkje lenger kan fortelja oss om eit verb skal ha a- eller e-infinitiv.

Nokre knaggar

Det er tre vegar til å læra kløyvd infinitiv skikkeleg: 1) kjennskap til eit austlandsmålføre (med visse justeringar), 2) kunnskap om skrivemåten i gamalnorsk, 3) ei liste med verba som skal ha a-infinitiv (sjå til slutt nedenfor).

Ein fjerde framveg, som ikkje fører heilt i mål, er å granska vokalane og konsonantane føre endinga. Her er likevel nokre tommelfingerreglar som hjelper ein til å skilja mellom ordtypane:

A-ending finn vi særleg i gamle heimlege verb som i nynorsk kan skrivast med a, eller open o (med å/ø-uttale) + éin konsonant føre endinga. Vi kan leggja til i-ar av det slaget som blir til e i mange dialektar («open i»), og u-ar med utbreidd o-uttale («open u»). 

Det gjeld altså desse vokalane føre enkel konsonant:

a: laga, aka, mata, fara, hata, gala, skapa 
e: bera, drepagjeraeta, lesa, leva, sela, skjera, spelavera, veta (= vita)
o med å/ø-uttale: bora, lova, koma (og dermed komma), moka, skoda, sova, tola
open i og open u: vitaskipa; duna, muna

Fleire døme finn du i lista til slutt. (Ingen av orda på lista har utbreidd trong uttale av i, e, u eller o.) 

Verb med ein enkelt konsonant + j rett føre endinga får tradisjonelt helst -a:

byrja, delja, fremja, lepja, remja, selja, sitja, setja, skilja, spørja; dessutan seia og teia

Dette gjeld ikkje alle dialektar med kløyvd infinitiv, men ein bør halda seg til lista.

To konsonantar føre j-en gir e-infinitiv:

byggje, syngje, leggje, liggje, trekkje osv.

Men liggje og leggje blir mange stader liggja og leggja, truleg etter mønster frå sitja og setja.

Liste frå «Ny rettskriving for 2000-talet»

Merk at m.a. leva og vitja – som skal ha a-ending – har falle ut av denne lista. Merk òg at samansette verb får same ending som det usamansette verbet, t.d. fortelja.



 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:30.08.2018 | Oppdatert:29.09.2023