Kålrabi og kålrot – ein rotete koalisjon

Eg lurer på kva som er skilnaden mellom kålrot og kålrabi. I butikken sel dei kålrot i grønsakdisken, medan du kan finne kålrabistappeposar i hyllene rett bortanfor.

Svar

Dei to orda tyder no det same, men dei har ulik historie og ulik geografisk utbreiing.

Samlivet mellom synonym kan vere både anstrengt og forvirrande. Det eine ordet vil gjerne ha overtaket på eit område, anten det er grunnlag for det eller ei.

I Nynorskordboka er kålrot forklart som ‘grønsak, fôrvekst som utviklar ein stor rotstengelknoll, Brassica napus rapifera’. Om kålrabi i den same ordboka står det berre at det tyder ‘kålrot’. 

Kålrotkolonisering

Den same preferansen for kålrot framfor kålrabi finn ein òg i fleire andre oppslagsverk. Fagfolk har prøvd å få innarbeidd kålrot som det rette namnet. Det er nok fyrst og fremst for å unngå råkostkollisjon i språket. Det har nemleg vore ein del rot med kålrabinemninga, jf. at Kohlrabi på tysk tyder ‘knutekål’. Denne voksteren heitte kålrabi òg hjå oss, nærmare bestemt overjordisk/overjords kålrabi. Vår kålrot kunne ein ha presisert til underjords kålrabi. Dette terminologiske problemet har ein altså vilja ta ved rota ved hjelp av kålrota.

Geografisk variasjon og synonym

Kålrota har vore mest utbreidd dialektalt i jordbruksbygdene kring Oslo. Fleire austlendingar nyttar begge orda, og somme opplever kålrabi som eit byord. I nord og vest er nok folk mest vane med kålrabi (i varierande uttaleformer). Vi finn difor òg mange som meiner at kålrot er det mest formelle og stive ordet. På Vestlandet har ein dessutan mange stader greidd seg godt med berre rabbeKjær kål har endå fleire namn: Særleg under andre verdskrigen nytta ein den lokkande nemninga Nordens appelsin for å fremje inntak av C-vitamin gjennom kålrot.

Det er ikkje berre vi som har kål-rot i språket. Danskane nyttar både kålrabi og kålroe (litt over ein tredjedel av det siste). Svenskane seier helst kålrot, men har òg kålraps, attåt det dialektale rabba. Frå svensk Wikipedia kan vi leggja til:

I Storbritannien kallas växten oftast swede (från Swedish turnip) och i USA oftast rutabaga. Båda orden har sitt ursprung i svenskan, eftersom Swedish turnip betyder just svensk rova och rutabaga är en förvrängning av rotabagge, det västgötiska dialektordet för kålrot och fuktiga daggmarker.

Kålrabi kjem forresten av italiensk cavoli rapi, der cavolo tyder ‘kål’ og rapa tyder ‘roe’.

Til slutt eit utdrag frå Olav Moen, Kålrot (1926), s. 7:

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter