Jernbanestasjon eller togstasjon?
Eg er ein ihuga jarnbanemann som ergrar meg grøn når eg høyrer det nymotens og barnslege ordet togstasjon. Kva seier Språkrådet om det?
Det er ingen tvil om at jernbanestasjon (nynorsk òg jarnbanestasjon) er det tradisjonelle i både fagspråk og allmennspråk.
Togstasjon er nokså nytt i ordbøkene. Rådet vårt er å halda seg til jernbanestasjon, særleg når ein skriv. Men vi trur du må venja deg til å høyra togstasjon òg, for helsa si skuld.
Nedanfor er eit frekvenssøk i aviskjelder ved nb.no:
Frekvenssøk i bokkjelder:
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).