Hei, hallo og komma

Skal det stå komma etter Hei, og skal neste avsnitt starte med stor eller liten forbokstav?

 

Svar

Det skal berre stå komma dersom det kjem noko rett etter på same line, slik:

Hei, Sara
Hei, alle saman!

Utropsteiknet er valfritt i begge tilfelle, og i begge tilfelle skal neste avsnitt innleiast med stor forbokstav.

Det skal derimot ikkje vera komma etter Hei eller andre tiltaleord som står åleine som innleiingshelsing i eit brev. Det kan ev. stå utropsteikn i staden. Altså til dømes slik:

Hei!

Har du det bra?

eller:

Hei, Sara

Har du det bra?

Legg merke til at teksten etter helsinga byrjar med stor forbokstav.

Fleire tips om språkbruk i e-post kan du finne på nettsidene våre og i Statsspråk nr. 4–2008.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter