Hårete mål og våte drømmer

Eg har undra meg over uttrykket «hårete mål». Tyder det noko anna enn høge mål, eller er det berre eit moteuttrykk som mange nyttar for å vere «in»? «Våte drømmer» er eit anna uttrykk det kan stillast tilsvarande spørsmål om.

 

Svar

Hårete er eit moteord med opphav i slang, men det kan godt hende at det er kome for å bli. Hårete mål er djerve mål. Våte draumar har ei spesifikk konkret tyding på det seksuelle området, så om ein berre meiner ynskjedraum, kan det vere tryggare å halde seg til det.

I Tone Trytis Norsk slang (1984) er hårete notert som eit «minusadjektiv» (nærmast = ‘grovt og skremmande’), men no kan det brukast positivt.

Begge bruksmåtane kjem frå engelsk. Slangordbøker for engelsk viser at hairy lenge har vore brukt med både positiv og negativ tyding, i ei rekkje samanhengar og på til dels ulik måte i ulike variantar av engelsk (amerikansk, britisk, irsk osv.). Ei mogleg bru til den nye tydinga er attenhundretals engelsk universitetsslang, der hairy kunne tyde ‘vanskeleg’.

Det kan sjå ut til at reklamemannen Ingebrigt Steen Jensen har noko av æra for at uttrykket er omsett til norsk. Det eldste dømet vi finn i avisene, er frå Dagens Næringsliv 31.3.2000:

Så til «våte drømmer», eller «våte draumar», som det må heite på nynorsk: Uttrykket «wet dreams» er notert på engelsk alt i 1920-åra. Denne uttrykksmåten har opphavleg klåre seksuelle undertonar. Det kan vere greitt å vite før ein slår om seg med uttrykket. Som det står i boka Våre drømmer (no. utg. Cappelen 1963):

Somme har spurt om berre menn kan ha våte draumar (pga. klippet ovanfor), men slik er det nok ikkje. I fleire pålitelege ordbøker står det at «wet dreams» kan visa til sex-draumar generelt.

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:21.08.2017 | Oppdatert:19.04.2024