Ha det eller hade?

Mange brukar «Hade» som avskilshelsing, og somme hevdar at dette no er rekna som korrekt på nettet. Stemmer det?

Svar

Nei, ein må skrive «Ha det!» i to ord.

Dette er jo ei forkorting av uttrykket «Ha det bra!» eller «Ha det godt!». Det blir ikkje rettare med «Hade!» berre fordi ein skriv på nettet. Folk kan sjølvsagt fritt velje å bryte med rettskrivinga, men det er ei anna sak. Då bør dei for konsekvensens skuld òg skrive «Hade bra!» og «Hade på bade!».

«Hadet!» er òg gale, berre så det er nemnt. Dei som skriv «Hadet!», bør altså vurdere å ta det (ikkje «tadet») litt med ro i svingane.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:14.11.2021 | Oppdatert:02.12.2021