Gulost, kvitost

Kva er skilnaden på gulost og kvitost?

Svar

Det er ingen allmenngyldig skilnad. Gulost og kvitost blir i dag stort sett nytta om dei same osteslaga, men av ulike personar. Kvitost (og hvitost) var før det vanlegaste, både i talemål og fagspråk. Somme stader kan gulost og kvitost ha stått for ulike nyansar, men gulost som allment kvitost-synonym har nok spreidd seg frå Oslo i etterkrigstida. Grovt sett er gulost eit nymotens fenomen.

Gulosten vart landskjent som kallenamn (på ein person) lenge før ordet spreidde seg over landet som nemning for kvitost. Her er ostepromillen i ei samling tekstar frå Nasjonalbiblioteket:

Kavli har gjennomført ei undersøking der det viste seg at hvitost (og kvitost) berre hadde eit lite forsprang per juni 2015. Det er all grunn til å tru at gulosten vil rulla vidare frå Oslo og slå ut kvitostar over heile landet.

Det er for enkelt å seia at dette handlar om Austlandet mot resten, i alle fall historisk, for kvitost og hvitost har vore vanleg i austnorsk bygdemål nær Oslo.

 

Meir om osteslaga

Fagterminologisk er kvitost ei samlenemning på løype- og surmjølksostar. På dansk heiter dette hvid ost, på svensk vit ost, på tysk Weisskäse og på engelsk white cheese. Til kvitostane høyrer mellom anna gammalost, pultost, gauda, nøkkelost, jarlsbergost og sveitsarost.

Brunost er ei samlenemning for mysostar. Den osten som mange kallar brunost, eller geitost (også når osten ikkje er laga av geitemjølk), har gått under namnet raudost i Gudbrandsdalen og fleire andre stader.

Tradisjonell ordbruk og fagterminologi er to heilt ulike ting, men éin ting er sams: Ein skal ikkje ta fargenemningane for bokstavleg. Eit døme til: Kor kvit er kvitvin eigentleg?

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter