Er alle velkommen eller velkomne?

Heiter det at alle er velkomne, eller at alle er velkommen? Og er alle ønskt eller ønskte velkommen/velkomne?

Svar

I nynorsk er alle helst velkomne, med fleirtalsbøying. I bokmål er det valfritt, men den ubøygde forma velkommen er den vanlege i mange uttrykk, same kor mange som er velkomne. Sjå døma i Nynorskordboka og Bokmålsordboka.

Velkommen eller velkomen er eit adjektiv som er laga av perfektum partisipp kommen/komen (valfrie former). Slike samansetningar blir stundom kalla «uekte partisipp».

Nynorsk

I nynorsk skal tradisjonelt både perfektum partisipp (ekte og uekte) og adjektiv helst bøyast i kjønn og tal etter det ordet dei står til:

  • Han vart ønskt velkom(m)en.
  • Alle vart ønskte velkomne.

Slik var det i den såkalla læreboknormalen før. Utanfor den kunne ein sløyfe samsvarsbøying i partisipp av svake verb som ønskje. I dag er det valfritt med samsvarsbøying av svake partisipp (som ønskt(e)), medan samsvarsbøying av adjektiv og partisipp med «sterke» endingar (som kome, komen, komne) er obligatorisk. 

Det er altså dette som gjeld no:

  • Alle er velkomne.
  • Alle vart ønskt(e) velkomne.

Når ein helsar fleire, kan ein i tråd med dette seie:

  • Velkomne!

Underforstått:

  • Velkomne skal de vere!

Det er forresten mykje vanlegare å ha trykk på fyrste stavinga i nynorsk enn i bokmål.

Bokmål

Bokmål har ikke samsvarsbøyning av partisipp, bare av adjektiv. Uekte partisipp bøyes som adjektiv, så det taler for alle er velkomne (jf. «alle er velstelte»). Men så kommer en annen faktor inn: Å være velkommen og å bli ønsket velkommen er så faste fraser at partisippet ofte ikke bøyes. Vi kan sette det opp slik:

  • Alle er velkomne/velkommen.
  • Alle ble ønsket velkommen. Hun ønsket/hilset dem alle velkommen.
  • Velkommen alle sammen!
  • Dere er velkommen (velkomne).

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:20.05.2022 | Oppdatert:24.06.2022