Energi, strategi og giro: uttale
Ordet energi blir uttalt både /energi/ og /enersji/. Strategi har òg to uttalar, men det heiter berre /sjiro/ for giro. Kva er rettast?
Det finst ingen offisielle reglar her, men Språkrådet tilrår den bokstavrette uttalen, altså /energi/ og /strategi/. Giro kan likevel berre heite /sjiro/ på norsk.
Bokstavrett uttale av substantiva energi og strategi er i alle fall eit enklare utgangspunkt i norskundervisninga, for dei avleidde adjektiva energisk og strategisk blir alltid uttalte med /g/.
Rådet om g-uttale i energi gjeld særleg i fysikksamanheng. I tydinga ‘persons arbeidsevne og arbeidskraft’ er det relativt vanlegare med /enersji/. Nokre ordbøker skil mellom /energi/ i den fyrste tydinga og valfritt /energi/ eller /enersji/ i den andre.
I Bjarne Berulfsens Norsk uttaleordbok (1969) er energi og strategi med g sett opp som «korrekt» uttale. Den same uttalen finn vi i Norsk riksmålsordbok (1937). Dette kan ha vore rekna som den rettaste uttalen fordi orda opphavleg kjem frå frå gresk, der dei har g-lyd. Tysk og dansk har forresten òg g-uttale. Uttalen med sj-lyd har kome til Norden frå fransk og har vunne fram i Sverige. I dag har han òg stønad i engelsk, sidan dei fleste veit korleis energy skal uttalast.
Gjengs uttale av ordet giro er utan tvil /sjiro/. Ordet er lånt frå italiensk, der det har ein liknande uttale. (Det i siste instans greske opphavet blir her for fjernt til å spela noka rolle.)
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).