Emeritus eller emerita?

Under overskrifta «Kjønnsbalansert språk» på nettsidene til Språkrådet står dette: «Professor emeritus er tittel for en mannlig professor som har gått  av med pensjon. For kvinnelige professorer er tittelen professor emerita.» Men ifølgje latinkjennarar er det ikkje korrekt latin å byte ut -us med -a for kvinner.

Svar

Det er ikkje gale å bruka professor emerita. I eit likestillingsperspektiv kan professor + emerita sjåast som det minste av tre vonde. Dei to andre er å kalle ei kvinne professor emeritus (grammatisk hankjønn) og å konstruere eit nytt hokjønnsord profestrix.

Samsvarsbøying

Professor er eit hankjønnsord på latin. Det er i utgangspunktet -us , ikkje -a, som er hankjønnsendinga i tilhøyrande adjektiv/partisipp som emeritus. Derfor heiter det tradisjonelt professor emeritus.

Hankjønnsadjektivet emeritus har hokjønnsmotstykket emerita. Det vart til vanleg nytta saman med hokjønnssubstantiv. Nokre substantiv på -or kunne i latin ha ein hokjønnsparallell på -rix, og eit tenkt profestrix (fleire profestrices) ville utan vidare gått i hop med emerita. Men i klassisk latin finst ikkje profestrix.

Det kan verke som om samanhengen mellom -or og -us er ubryteleg, men i denne litle artikkelen forklarer professor Claus Krag korfor det av og til likevel er mogleg å kombinere adjektivforma på -a med eit hankjønnssubstantiv for å få fram det biologiske kjønnet.

Praksis og råd

Fleire latinforskarar kallar seg professor emerita, mellom andre Monica Hedlund (Uppsala Universitet). Språkrådet har ingen innvendingar mot det.

Men det kan ikkje vere gale om ei kvinne kallar seg professor emeritus heller. Vi kan kanskje samanlikne med nynorsk (men vi må ty til andre adjektiv for å få fram skilnaden): «Ei lita professor» er opplagt hokjønn (og skurrar nok for dei fleste nynorskbrukarar), medan «ein liten professor» kan ha kva biologisk kjønn som helst. Professor er eit hankjønnsord i både latin og norsk, men det fungerer kjønnsnøytralt. Det har ikkje vore rekna som kjønnsdiskriminerande å la liten rette seg grammatisk etter substantivet.

Knytt til andre ord enn professor

Elles ser vi tendensar til å bruke både emeritus og emerita i mindre akademiske sammenhengar der det ikkje tradisjonelt høyrer heime. Det kan ikkje kallast klårt og greitt språk, og det kan verka nokså jålete. I denne artikkelen i Tidsskrift for Den norske legeforening tek Erlend Hem til orde for å nytta pensjonert eller tidlegare.

Uttale og bøying

Uttalen er /eme:ritus/, altså med trykk på den andre e-en. Bøyinga er professores emeriti eller med adjektivet i hokjønn: professores emeritae.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter