Ein app?

Kan ein skriva app for applikasjon i datasamanheng? Korleis skal ein eventuelt bøya og uttala det?

Svar

Du kan skriva og bøya app som eit vanleg hankjønnsord:

bokmål: en app – appen – apper – appene
nynorsk: ein app – appen – appar – appane

Det går altså nett som kopp.

Du kan uttala det som du vil, æpp eller app. Bruk gjerne a-uttale, så kjem det på line med t.d. /jass/ for jazz.

Sjå meir om datatermar på nettsidene våre

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter