Dobbeltmoralisme?
Er dobbeltmoralisme eit norsk ord? Eg veit kva dobbeltmoral og moralisme er, men dobbeltmoralisme gir ikkje god meining.
Dobbeltmoralisme er nok helst ei samanblanding av dobbeltmoral og moralisme. Slik står orda i Bokmålsordboka:
dobbeltmoral vaklende moral; det å praktisere én moral og dosere en annen, strengere
Jamfør:
moralisere ofte nedsettende: preke moral, gi formaninger det nytter lite å moralisere
moralisme det å legge stor vekt på moral
moralist person som legger stor vekt på moral; person som moraliserer
moralistisk som er preget av moralisme
I tydinga dobbeltmoral er det unødig kompliserande å bruke ordet dobbeltmoralisme. Dersom ein måtte sikte til ei spesiell form for moralisering på fleire nivå, er det mogleg at ordet likevel kan gje meining. Men dét er ikkje den vanlege bruken av ordet.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).