Arilds tid
Kva skriv uttrykket «frå arilds tid» seg frå?
«Frå arilds tid», eller på nynorsk helst «frå aralds tid», tyder det same som ‘frå tidenes morgon’.
Bakgrunnen er greitt framstilt i Store norske leksikon:
«Fra arilds tid er omdannet av norrønt ár alda, tidlig i tidene (ár, 'tidlig', alda av ǫld, 'tid'). Ikke beslektet med mannsnavnet Arild. En nyere omdanning er fra urolds tid.»
I norske dialektar og nynorsk finn vi altså ei form som ligg litt nærare opphavet: aralds tid.
Varianten alders tid er nytta i lovspråket i samband med lang tids bruk.
Uttrykket har òg vorte omtolka til Arons tid og Ariels tid.
I Edda-diktet «Voluspå» finn vi dette, her i bokmålsomsetjing:
|
|
På den fyrste lina har eldre omsetjingar mellom anna hatt «Årle i old», «Var olds ophav», «Det var aarle i Tiden». Fleire variantar kan du studere på heimskringla.no.