Hopp til hovedinnhold

Dette er språklova

Språklova skal styrke norsk språk og fremme likestilling mellom bokmål og nynorsk. Lova skal sikre at norsk held fram med å vere hovudspråket i Noreg, og at norsk skal kunne brukast på alle område i samfunnet. Men språklova gjeld ikkje berre norsk: Lova slår fast at samiske språk skal brukast, utviklast og styrkast. Lova skal medverke til at norsk teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka i Noreg blir verna og fremma.

Enkelt sagt gir lova plikter til det offentlege og rettar til private rettssubjekt (enkeltpersonar og private verksemder).

Kva språk omfattar språklova?
Plikter etter språklova
Rettar etter språklova
Språkrådet si rolle

Meir informasjon om språklege rettar etter språklova

Kva språk omfattar språklova?

Språklova omfattar norsk (bokmål og nynorsk), dei samiske språka, dei nasjonale minoritetsspråka (kvensk, romani og romanes) og norsk teiknspråk.

Statusen som språklova gir desse språka, skal vere ein garanti for at staten oppfyller dei språklege rettane som brukarane av språka har fått gjennom lovverk og internasjonale avtalar.

Nyare minoritetsspråk i Noreg (for eksempel urdu og polsk) har ikkje den samme statusen og er ikkje omfatta av språklova.

Kven har plikter etter språklova?

Offentlege organ har plikter etter lova.

Plikter for alle offentlege organ

Alle offentlege organ (statlege, fylkeskommunale og kommunale) skal

  • bruke, utvikle og styrke norsk språk (bokmål og nynorsk)
  • bruke, utvikle og styrke samiske språk
  • følge den offisielle rettskrivinga for bokmål og nynorsk
  • fremme nynorsk, som er det minst brukte skriftspråket
  • kommunisere på eit klart og korrekt språk som er tilpassa målgruppa
  • verne og fremme norsk teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka
  • ta imot førespurnader på svensk og dansk

Les meir om

Plikter for statlege og fylkeskommunale organ

Statlege og fylkeskommunale organ skal følge reglane for bruk av bokmål og nynorsk i offentleg sektor (sjå paragraf 11 til 18). 

Ved 

  • universiteta
  • dei statlege høgskolane og andre statlege skolar
  • vidaregåande skolar
  • domstolane
  • forliksråda
  • påtalemakta

gjeld reglane for bruk av bokmål og nynorsk berre for den administrative delen av verksemda.

Les meir om reglane for bruk av bokmål og nynorsk i offentleg sektor.

Kven har rettar etter språklova?

Kommunar, fylkeskommunar og private rettsubjekt har rettar etter lova.

Kommunar
Kommunar har rett til å krevje at statlege og fylkeskommunale organ skal kommunisere med dei på det skriftspråket som kommunane sjølve har vedteke at dei skal bruke (anten nynorsk eller bokmål).

Fylkeskommunar
Fylkeskommunar har rett til å krevje at statlege og andre fylkeskommunale organ skal kommunisere med dei på det skriftspråket som fylkeskommunane sjølve har vedteke at dei skal bruke (anten nynorsk eller bokmål).

Enkeltpersonar og private verksemder (private rettsubjekt)
Enkeltpersonar og private verksemder har rett til

  • å få informasjon frå offentlege organ på norsk
  • å få informasjon frå offentlege organ på klart og korrekt språk
  • å få svar frå statlege og fylkeskommunale organ på det norske skriftspråket dei ønsker
  • å få løyve og faste formular (til dømes skattekort og førarkort) på det norske skriftspråket dei ønsker 
  • å bruke svensk eller dansk i kontakt med offentlege organ
Språkrådet si rolle

Språkrådet fører tilsyn med korleis sentrale og regionale statsorgan etterlever desse reglane i språklova:

Les meir om Språkrådet.

Heile språklova i Lovdata

 

Tegnspråkversjon

1. Den nye språkloven

Tegnspråkversjon

2. Språkene i loven

Tegnspråkversjon

4. Norsk er samfunnsbærende og hovedspråk

Tegnspråkversjon

7. Språklov og særlov