Norsk – eit kosespråk til heimebruk?

No image

(27.9.23) Grunnmuren til det norske språket – faga terminologi, leksikografi og namnegransking – er i ferd med å bli borte. So what? tenkjer du kanskje. 

AV HEGE KAMBO GROV

Rett skal vera rett: Mange av oss er opptekne av at me skal behalda norsk som bruksspråk i Noreg. Dei fleste tek det som ei sjølvfylgje, sjølv om mange merkar påverknaden frå engelsk, både som private språkbrukarar og på jobben.

Lubna Jaffery | Stortinget– Det norske språket er grunnleggjande for det arbeidet som vert gjort i forvaltninga. Somme oppgåver krev spesialisert kompetanse. Alle med norsk som arbeidsspråk treng ulike ordbøker, verktøy og skrivestøtte, seier Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Samstundes har utdanninga og forskinga som skal til for å halda oppe og tilføra denne kompetansen og slike verktøy, vorte bygd ned. Dette viser ei undersøking som er gjort av Telemarksforsking. Forskarane snakka med informantar frå fem sektorar: skule- og utdanning, forsking, jus, stat og styring, arbeidsliv og helse. Undersøkinga viser òg at nær alle fagmiljøa i dei fem sektorane undersøkinga omfattar, meiner dei manglar kunnskap og kompetanse til å ivareta og utvikla norsk fagspråk.

Kva kan vera årsaka til denne nedbygginga av fagfelt og svekkinga av norsk fagspråk? Kanskje det er vanskeleg å sjå for seg konsekvensane? Leksikografi, namnegransking og terminologi kan unekteleg verka som smale emne for spesielt interesserte. Men mangelen på kompetanse innanfor desse fagfelta kan få alvorlege fylgjer for deg og meg.

Ikkje berre til pynt

Tenk deg at partnaren din plutseleg vert dårleg og fell om. Du ringjer med ein gong etter sjukebil, men han let venta på seg fordi sjåføren er i tvil om kva adresse han skal rykkja ut til. Kan henda kjem sjukebilen for seint.

Det er fare for liv og helse om naudetatane ikkje kjem fram til rett adresse. Stadnamn er ikkje berre til pynt.

«Stadnamn og skrivemåten av stadnamn som er i offentleg bruk, må vere kvalitetssikra og konsistent innanfor og mellom forvaltningsnivå», kan vi lesa i språklovsproposisjonen som kom til språklova i 2020. Og kven er det som kan utføra denne kvalitetssikringa? Det er namnegranskarane. Dei er det få av i Noreg i dag, og færre vil det truleg bli, for sidan 2016 har det ikkje vore mogleg å studera namnegransking på universitet eller høgskule.

Kven skal laga ordlister i framtida?

«Klarspråk» er i ferd med å bli ein slags ryggmargsrefleks for tilsette i offentleg sektor. Skal dei få til ein klår og konsistent kommunikasjon, treng dei eit oppdatert, relevant og presist ordtilfang på norsk for fagfelta sine. Og kven held ordtilfanget i språket vårt ved like? Det gjer leksikografane. Dei lagar fagordbøker og er ofte sentrale i utviklinga av digitale hjelpemiddel som stavekontrollar.

I undersøkinga til Telemarksforsking melder informantane om at dei manglar verktøy som ordbøker og grammatikkressursar til bruk i utviklinga av språkkompetanse på feltet sitt.

Offentleg sektor står dessutan midt i ein overgang til digital forvaltning. Denne overgangen er umogleg utan språkteknologi som fungerer på norsk, og til utviklinga av slik teknologi trengst språkdata, blant anna ordlister.

Nerdefag eller ikkje, leksikografikompetanse er avgjerande for digitaliseringa av offentleg sektor.

Likevel finst det ikkje eit einaste fast studietilbod innanfor leksikografi i Noreg i dag.

Død samfunnsdebatt

Det er også langt mellom terminologane i Noreg. Proposisjonen som følgde med språklova i 2020, peikar på konsekvensane: «Om ein ikkje har norsk fagspråk og terminologi, vil det i siste instans føre til at fagfolk ikkje vil vere i stand til å skrive og snakke om vesentleg fagstoff på norsk.»

Mange har fått med seg at me ikkje har ein god norsk terminologi i realfag og tekniske fag. I ei undersøking om terminologi og fagspråk i universitets- og høgskulesektoren frå 2022 seier ein stor del av respondentane at det manglar norske faguttrykk på deira fagområde.

Språklovsproposisjonen åtvarar om at «det vil kunne skje eit språkskifte til engelsk i dei faga der påverknaden frå engelsk er størst. Ein vil då vere vitne til domenetap.»

Eit offentleg ordskifte om aktuelle tema og ny forsking blir vanskeleg dersom vi manglar ein felles terminologi, og dersom det ikkje finst terminologi på norsk. Ein levande  samfunnsdebatt er eit viktig vilkår for demokratiet.

Fram til 2016 tilbaud Noregs handelshøgskole og Universitetet i Bergen utdanning i terminologi. Begge institusjonane har sidan lagt ned dette tilbodet.

Norsk – eit kosespråk?

Kjernedisiplinane i norsk språk er gradvis lagde ned, i det stille. Om få år kan denne kompetansen vera borte. Kva då?

Kan norsk brukast på alle samfunnsområde, slik språklova seier, om me ikkje har norske faguttrykk? Kan offentleg sektor kommunisera på ein god og eins måte utan ordbøker? Kan me vera trygge på at forvaltning, forsking og demokratiske funksjonar fungerer, om me ikkje har kompetansen til å utvikla og halda orden i terminologi og stadnamn?

Eller er norsk i ferd med å verta eit kosespråk som berre passar til heimebruk, eit språk som kjem til kort når me skal snakka om samfunn, politikk og utvikling?

Språknytt har spurt minister for forsking og høgare utdanning, Sandra Borch, kva ho tenkjer om utviklinga.

Sandra Borch | Stortinget– Denne utviklinga vil me snu, for det norske samfunnet treng fagleg debatt på morsmålet og fagfolk som meistrar og vidareutviklar norsk fagspråk, seier Borch.

– Me vil sikra berekraftige fagmiljø i norsk språkvitskap, inkludert terminologi, leksikografi, namnegransking og språkteknologi. Universiteta og høgskulane har eit sjølvstendig ansvar for å dimensjonera studietilboda sine i tråd med samfunnsbehova. Me vurderer no kva for nasjonale tiltak som trengst for å nå måla.

Telemarksforsking kjem med konkrete forslag i rapporten sin. Der foreslår forskarane å byggja opp eit forskingssenter for norsk språk ved Universitetet i Bergen. Eit slikt senter vil vera ei naturleg utviding og styrking av det eksisterande fagmiljøet som er knytt til Språksamlingane med Termportalen og eit stort ordbokarbeid som går føre seg der allereie.

Kulturminister Jaffery seier dette når Språknytt spør kva ho tenkjer om forslaget:

– Norsk språkvitskap er viktig, og regjeringa vil arbeida for å sikra berekraftige miljø. Dette var eitt av mange grep i handlingsplanen for norsk fagspråk som regjeringa la fram i juni.

Språkrådsdirektør Åse Wetås er glad for å høyra at regjeringa vil snu utviklinga og arbeida for å sikra berekraftige miljø for språkvitskap. Ho understrekar at det hastar:

– Livredninga må starta no, medan det framleis finst fagfolk som kan føra kompetansen sin vidare!

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:27.09.2023 | Oppdatert:27.09.2023