Universiteta har ansvar for å ta vare på norsk språk i akademia

No image

(3.2.22) Kunnskapsdepartementet får kritikk for språkpolitisk detaljstyring. Men krava kjem etter fleire år med manglar i språkarbeidet. No er det opp til universiteta å vise at dei følgjer krava som ligg i lovverket.

Kronikk i Midtnorsk debatt (Adresseavisen) 3. februar 2022
Av Åse Wetås, direktør i Språkrådet

Ved kvart årsskifte sender Kunnskapsdepartementet tildelingsbrev til universiteta og høgskulane med mål og krav for året som kjem. Tildelingsbreva for 2022 går lenger enn tidlegare i å krevje konkrete tiltak frå universiteta og høgskulane for å styrkje norsk fagspråk:

  • Tilsette skal meistre norsk eller få norskopplæring viss dei treng det.
  • Språkstrategiane til universiteta og høgskulane skal vere forankra i overordna strategiar.
  • Universiteta og høgskulane skal følgje med på språkutviklinga i forsking og undervising og setje inn tiltak dersom det trengst.
  • Språkarbeidet skal omtalast i årsrapporten.
  • Alle bachelor- og masteroppgåver og alle ph.d.-avhandlingar som er skrivne på eit anna språk, skal ha samandrag på norsk.

Desse krava har vekt negative reaksjonar hos styret ved NTNU. Kjersti Møller, representant for dei teknisk-administrativt tilsette, og rektor Anne Borg seier i Universitetsavisa 25. januar at tildelingsbrevet ber preg av detaljstyring. Som døme nemner Møller kravet om at bacheloroppgåver som er skrivne på eit anna språk, skal ha samandrag på norsk.

Det bør ikkje overraske universitetsstyret at departementet no stiller krav om språkarbeid og rapportering om språk i tildelingsbrevet. Desse krava kjem etter at det i fleire år har vore vanskeleg å sjå eit systematisk og strukturert arbeid frå universiteta på dette området, til trass for at dei har eit lovpålagt ansvar for å vedlikehalde og vidareutvikle norsk fagspråk. Dette ansvaret har lege i paragraf 1-7 i universitets- og høgskulelova sidan 2009, og også blitt peikt på i tildelingsbreva dei siste åra.

Universitet og høgskular er avgjerande for å sikre eit levande norsk fagspråk

Frå 1. januar i år fekk Noreg si første heilskaplege språklov – lov om språk. Eit hovudmål med lova er å sikre at norsk kan brukast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet i Noreg. For at dette målet skal vere innan rekkjevidde, må det finnast eit norsk fagspråk innanfor alle fagområde, og dei som går på universiteta og høgskulane, må få høve til å lære og å bruke dette språket.

Men språksituasjonen i høgare utdanning i dag gjer at eit fullt ut funksjonelt norsk fagspråk ikkje er sjølvsagt. Ein stadig aukande bruk av engelsk i både forsking og undervising gjer at universiteta og høgskulane må arbeide systematisk og strukturert for å sikre norsk fagspråk på alle fagområde. Universiteta bør mellom anna sørgje for

  • at vitskapleg tilsette har insentiv og gode vilkår for å skrive norske fagtekster (til dømes lærebøker) og for å utvikle norskspråkleg terminologi – slik at dette arbeidet ikkje er avhengig av eldsjeler eller einskilde leiarar med personleg interesse for språkspørsmål
  • at det i alle fag blir utvikla norske fagtermar parallelt med dei engelske
  • at språkstrategiar er kjende og blir følgde opp i alle delar av organisasjonen
  • at det i emne der undervisinga og/eller studielitteraturen er på engelsk, blir sørgt for at studentane òg blir kjende med dei norske termane i faget
  • at det blir stilt krav om norskkompetanse til internasjonalt tilsette, og at dei får den norskopplæringa og den støtta dei treng for å oppfylle språkkrava

Etter at paragraf 1-7 vart innført, har universiteta utvikla eigne språkstrategiar. Mange har òg oppretta språkpolitiske utval. Men dessverre blir ofte ikkje strategiane følgde opp med ordningar som styrkjer fagspråket i praksis. I eit opprop i Khrono hausten 2021 slo til dømes 13 forskarar fast at universiteta legg for dårleg til rette for at forskarar kan skrive lærebøker og annan faglitteratur på norsk. Og i ein artikkel i Klassekampen i oktober 2021 fortalde universitetslektor Viggo Gabriel Borg Pedersen at norske fagtermar innan maskinteknikkfaget blir fortrengde av engelske. Kronikken «Hjelp, vi mangler norsk fagspråk på eksamen!» i Aftenposten i 2019 presenterte forsking som har avdekt at nokre studentar ikkje kjenner til norske termar i faget sitt og derfor bruker engelske termar også når dei skriv på norsk. Dette er berre tre av mange indikasjonar på at universitets- og høgskulesektoren manglar eit system som sikrar at det norske fagspråket blir vedlikehalde og vidareutvikla innan alle fagområde.

Det trengst betre statistikk over språksituasjonen

Einskilddøme som dei over kan fortelje noko, men for å få eit fullgodt bilete av språksituasjonen i sektoren trengst det systematisk kartlegging og statistikk. Det manglar til dømes nyare tal for fordelinga mellom norsk og engelsk studielitteratur. Det finst heller ikkje offentleg tilgjengeleg statistikk som viser fordelinga mellom norsk og engelsk undervisingsspråk på dei einskilde studieprogramma. Slik statistikk er viktig for å kunne vurdere i kva for utdanningsløp det er størst behov for å styrkje det norske fagspråket. I ei evaluering av språkstrategiane ved universiteta og høgskulane som det dåverande Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) la fram i 2021, er ei av tilrådingane nettopp at universiteta og høgskulane bør utarbeide årlege rapportar over språksituasjonen ved institusjonane.

Universiteta har ansvaret

Universiteta er nøydde til å arbeide systematisk og strukturert for å oppfylle kravet om å vedlikehalde og vidareutvikle norsk fagspråk på alle fagområde. Med aukande bruk av engelsk i denne sektoren er det optimistisk å tru at dette skjer av seg sjølv. No ligg ballen hos universiteta.

 

Åse Wetås

direktør i Språkrådet

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:03.02.2022 | Oppdatert:22.03.2022