Ny rapport om språkbyte frå nynorsk til bokmål

No image

(20.10.22) Mange nynorskelevar byter skriftspråk frå nynorsk til bokmål. Kva er årsakane til det? Det har Nynorsksenteret undersøkt i ein ny rapport.

Rapporten vil bli lansert på eit ope og gratis arrangement på Litteraturhuset i Oslo 24. oktober (09.30–11.30). Forfattarane bak rapporten er høgskulelektorane Jorid Saure og Liv Astrid Skåre Langnes. Det vil bli høve til å stille spørsmål til forfattarane etter lanseringa.

Språkbyte blant nynorskelevar har vore ei utfordring i fleire år. Framlegget til den nye språklova slår fast at språkbyte «er med på å svekkje statusen til nynorsken». Det har lenge vore eit mål for språkpolitikken å hindre denne utviklinga og stabilisere talet på nynorskelevar i skulen. Likevel byter stadig fleire nynorskelevar skriftspråk, og språkbyte skjer oftast i dei områda der nynorsken står under press. Det er eit sprik mellom dei offisielle språklege målsetjingane på den eine sida og praksisen i skulen på den andre sida.

Rapport om språkbytePå oppdrag frå Språkrådet har Nynorsksenteret utarbeidd ein ny rapport om språkbyte i skulen. Føremålet med rapporten er å få oppdatert kunnskap om kvifor språkbyte skjer i og utanfor randsonene for nynorsken. Språkrådet vil bruke kunnskapen som eit fagleg grunnlag for å føreslå målretta tiltak som kan redusere omfanget av språkbyte frå nynorsk til bokmål hjå elevar i grunnopplæringa.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:20.10.2022 | Oppdatert:08.12.2022