Noreg har fått ny språklov!

No image

(4.1.22) 1. januar 2022 tok lov om språk (språklova) til å gjelde. Språkrådet gratulerer alle brukarar av norsk (bokmål og nynorsk), dei samiske språka, norsk teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes med den nye språklova.

Føremålet med språklova er å styrkje norsk språk. Norsk skal sikrast som eit samfunnsberande fellesspråk som gjev språkbrukarane høve til å delta i samfunnet og demokratiet. Ifølgje § 100 i Grunnlova (om ytringsfridom) skal styresmaktene leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte, og språklova konkretiserer den delen av ytringsfridomen: Folk må ha tilgang til språk som gjer det mogleg for dei å vere aktive samfunnsborgarar. Lova skal òg fremje likestilling mellom bokmål og nynorsk og sikre vern og status for dei andre språka som staten har ansvar for: kvensk, romani, romanes, samiske språk og norsk teiknspråk.

Alle får rettar, det offentlege får plikter

Lova gjev rettar til alle brukarar av desse språka. Dei som har plikter etter lova, er først og fremst offentlege organ.

– Alle vi som arbeider i det offentlege, har ein viktig språkjobb å ta fatt på. Eg gler meg til å sjå resultata, seier Språkrådets direktør Åse Wetås.

Språkpolitikken og etterlevinga av språklova er eit felles ansvar. Skal språklova verke etter føremålet, må alle samfunnssektorar prioritere språkarbeidet. Wetås trur språklova kan vere med på å gjere staten til ein betre tenesteytar for borgarane.

– Språklova pålegg det offentlege å bruke eit klart, korrekt og brukartilpassa språk. Det skaper betre tenester for borgarane, seier ho.

Lova slår dessutan fast at Språkrådet er statens forvaltingsorgan for språk, og at Språkrådet har ansvaret for forvaltinga av dei to norske skriftspråka.

– Med språklova blir rolla til Språkrådet styrkt og formalisert på nye område. Dette vil gjere det enklare for oss å sikre god tilgang til språk for alle, seier Wetås.

Dei fleste rettane og pliktene har òg tidlegare vore del av den offisielle norske språkpolitikken, men dei får større tyngd når dei blir uttrykte i lov.

Fylkeskommunane får nye plikter

Noko er likevel  nytt: Lova slår fast at statsorgan med tilhøyrande avdelingar, seksjonar osb. skal ha namn på norsk (både bokmål og nynorsk), og namna skal følgje offisiell rettskriving. Språknøytrale fylkeskommunar skal veksle mellom bokmål og nynorsk, slik at det blir eit rimeleg forhold mellom dei to skriftspråka i allment tilgjengelege dokument. Alle fylkeskommunar skal svare private rettssubjekt på det språket rettssubjektet sjølv bruker eller krev brukt. Når fylkeskommunane skriv dokument retta mot kommunar eller andre fylkeskommunar som har gjort språkvedtak, skal dei bruke det skriftspråket som kommunen eller fylkeskommunen har gjort vedtak om.

Kva kan du? Kva må du? Sjekk språklov.no

språklov.no gjev Språkrådet rettleiing om den nye språklova. Nettsidene vart opna 1. januar 2022 og inneheld allereie mykje informasjon og hjelp til dei som har plikter etter lova. Meir informasjon, nyttige verktøy, gode døme og relevant rådgjeving – òg til dei som har rettar etter lova – blir publisert utover våren 2022.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.01.2022 | Oppdatert:04.01.2022