Koronaen er årets ord 2020

No image

(11.12.20) Koronapandemien har prega både samfunnet, nyheitsbildet og språket vårt i år. Språkrådet har kåra korona i bunden form – altså koronaen – til årets ord i 2020.

– Når historikarane skal sjå attende på 2020, er sjansen stor for at dei kjem til å skrive om koronaen i bunden form. I daglegtalen blir koronaen brukt om både viruset, sjukdommen, krisa og sjølve tida vi er inne i, seier Dagfinn Rødningen, seniorrådgjevar i Språkrådet.

Korona er ikkje eit nytt ord i norsk. Frå før var det mellom anna kjent som fagordet for det ytste laget i solatmosfæren. Grunnlaget for nemninga koronavirus er at den taggete overflata på viruset minner om strålekransen kring sola. Korrekt stavemåte av ordet i norsk er med k-.

– I 2020 har korona fått eit utvida innhald, og ordet er teke i bruk som førsteledd i nye samansetningar som koronatiltak, koronasveis og koronarestriksjonar, seier Rødningen.

Kreativt koronaår

På lista over dei ti mest interessante nyorda finn vi fleire ord med tilknyting til koronapandemien. Både halde meteren, flata ut kurva, sprite og kohort er ord og uttrykk som har festa seg i språket vårt i 2020.

– Vi ser ei oppblomstring av nyord, saman med ny bruk av gamle ord. Det er synlege prov på at språket endrar seg i takt med samfunnet. Samtidig ser vi kor lett det er å laga nye ord i norsk ved å danne kreative samansetningar som koronerulling, lyshare og nødlandslaget. Vi må hugse at året har vore prega av eit stort alvor, og valet av toppord speglar at vi har gått inn i ei annleis tid, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

Forvaltning og aktivisme

Sjølv om pandemien pregar lista i år, er det også andre ord det er interessant å merke seg. Orda statsforvaltar og melaninrik er uttrykk for eit ønske om eit meir moderne og inkluderande språk, men orda har oppstått på ulike vis.

­– Statsforvaltar skal erstatte fylkesmann, noko som er vedteke av Kommunal- og moderniseringsdepartementet som ledd i arbeidet for å fjerne kjønnsmarkerte stillingstitlar. På den andre sida er melaninrik eit ord som er skapt gjennom språkaktivisme for å erstatte meir gamaldagse ord om menneske med mørk hudfarge. Her ser vi at nokre ord kan bli innførte frå øvste hald, og at andre kan gro fram frå grasrota, seier Gisle Andersen, professor ved Noregs handelshøgskole (NHH).

Aktuelle og levedyktige ord

Viktige kriterium for kåringa er at orda skal vera aktuelle, mykje brukte og levedyktige, og dei skal ha god språkleg kvalitet. Det er òg eit poeng å vise at norsk er eit rikt språk der ein enkelt kan laga nye, gode ord på ulike måtar. Dei siste åra har klimabrøl, skjebnelandsmøte og falske nyheiter vorte kåra til årets ord.

 

Kontakt:

kommunikasjonssjef i Språkrådet Anette Hjerde, tlf. 41 68 30 82

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter