Årets ord 2018: skjebnelandsmøte

No image

(4.12.18) Skjebnelandsmøte er årets ord i 2018. Ordet oppsummerer på ein slåande måte ei av dei mest omtalte politiske hendingane i Noreg det siste året.

Årets ord blir kåra av Språkrådet i samarbeid med Gisle Andersen, professor ved Noregs handelshøgskole (NHH). Det kan vere eit nyord, men det kan også vere ord eller uttrykk av nyare dato som har sett preg på året. Skjebnelandsmøte vart teke i bruk då Kristeleg Folkeparti skulle avgjere kva for eit regjeringsalternativ dei ville forhandle om, og ordet vart mykje brukt på seinhausten.

– Bruken av ordet skjebnelandsmøte viser kor avgjerande hendinga var, ikkje berre for KrF som parti og Knut Arild Hareide som partileiar, men også for vegen vidare i styringa av Noreg. Det er ikkje første gongen skjebne- blir brukt som førsteledd i eit samansett ord for å gje ordet tyngd, men vi kan trygt seie at det sjeldan har vore meir dekkjande enn i dette tilfellet, seier Dagfinn Rødningen, seniorrådgjevar i Språkrådet.

Lista over dei ti toppkandidatane til årets ord inneheld ord frå ulike område av samfunnslivet. Fleire av orda, som plogging og matreddar, viser at miljøspørsmål framleis er viktige. Andre ord har særlege språklege kvalitetar som gjer dei til gode kandidatar.

– Kreative nydanningar er gjerne kombinasjonar av ord som høver godt saman. Dei kan stå godt til kvarandre lydleg eller tydingsmessig, eller dei kan signalisere motsette tydingar, noko som gjer dei interessante og lette å leggje merke til. Døme på det er grottegut, gladbobler og fattigdomslykke, seier Gisle Andersen, professor og nyordsforskar ved NHH.

Viktige kriterium i arbeidet med kåringa er at orda skal vere aktuelle, mykje brukte, levedyktige og ha god språkleg kvalitet. Skjebnelandsmøte oppfyller desse kriteria.

Ti på topp

  1. skjebnelandsmøte
  2. grottegutt/grottegut
  3. sosionomisere
  4. plogging
  5. fattigdomslykke
  6. matredder/matreddar
  7. videoassistert dømming
  8. slitertillegg/slitartillegg
  9. påvirker/påverkar
  10. gladbobler

I kåringa av årets ord har vi mellom anna brukt dataverktøy som fangar opp nye ord frå store riks- og regionaviser. Dataverktøyet er utvikla av Knut Hofland ved Uni Research Computing. Dei siste åra har falske nyhende, kvardagsintegrering og det grøne skiftet vorte kåra til årets ord.

 

Kontakt

kommunikasjonssjef i Språkrådet Anne Kirkhusmo, tlf. 416 74 135

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:04.12.2018 | Oppdatert:04.12.2018