Årets ord: å nave (naving)

(5.12.12) Av dei nye orda som vi har vorte vande med i løpet av året, peikar å nave seg ut. Naving er eit kreativt nyord med ungdommeleg opphav.

Denne artikkelen er frå før 2013. Innhald og rettskriving kan vere forelda.

bilder
Kåringa av årets ord er i år eit samarbeid mellom Språkrådet og nyordsforskar ved Noregs handelshøgskole, Gisle Andersen. I denne kåringa har vi mellom anna nytta verkty som har skilt ut nyord frå ei elektronisk tekstsamling bygd opp av artiklar frå alle dei store dagsavisene i Noreg. Det er forskjell i bruksfrekvens mellom orda, og det kan hende at nokre nyord er døgnfluger, medan andre ord nok vil slå rot i språket.

 

Årets ord er å nave. Mange hugsar nok ordskiftet om skuleungdom som tek seg eit friår som er dekt av stønad frå Nav. I årets debatt om haldningar til velferdsordningane våre spelte dette nyordet ei viktig rolle. Ikkje berre vert naving nytta blant ungdomar, men også i nyheitsartiklar, kronikkar og endåtil i spørjetimen i Stortinget. Ordet dukka opp i skriftleg medium truleg som eit nyheitsinnslag i mars. I motsetnad til mange nyord frå fagfolk og journalistar er årets ord ei ungdomsspråkleg nydanning. Utgangspunktet er òg uvanleg. Det er etatsnamnet Nav som altså har vorte til verbet å nave og substantivet naving.

Andre nyord i 2012

Året har også sett mange andre nyord. Lågkarbodiettane har tydelegvis ikkje metta oss, for no er det grovkarbo som gjeld for mange, eit ord som såg dagsens lys kort tid etter julesesongen i fjor. Grovkarbo dreier seg om inntak av grove kornprodukt i tillegg til grønsaker og frukt.

Året som snart er omme, har vore prega av finansuro i Europa. EU har foreslått å skipe ein bankunion for å redde fleire av dei kriseråka bankane. Ein ser her for seg felles innskotsgarantiar og  tilsynsordning for bankane i unionen. Det er ikkje overraskande at dette ordet har vorte nytta svært ofte  i norske aviser gjennom heile 2012.

På teknologifronten har strøymeteneste/strømmetjeneste fått fotfeste utanfor spesialistkrinsar. Vi såg i fjor at strøyming/strømming for det engelske streaming slo rot i norsk. I år har tilbodet av endå fleire strøymetenester auka monaleg, og ordet er nok på full fart inn i språket vårt.

I vår var det debatt om norske skular i den digitale utviklinga. Her dukka ordet smartskule/smartskole opp. Forleddet smart- har vorte meir og meir vanleg på norsk, og vi har tidlegare sett det i nyord som smarthus og smarttelefon. Smart får dimed tydinga høgteknologisk eller avansert. Eit anna forledd som vi kjenner att frå tidlegare, er monster-. I år vart dei høge leiarlønene debatterte, og vi fekk nyordet monsterløn/monsterlønn. Ordet er danna på liknande måte som det velkjende monstermast. Fleire av oss hugsar nok også Norwegians kampanje der folk kunne røyste på kven som skulle avbildast på flyhalane til flyselskapet. Kandidatane vart kalla for halehelt, eit symmetrisk ord med bokstavrim. Dette velklingande ordet er eit døme på at næringslivet nyttar norsk kreativt.

Vi kan nemne fleire andre, nye ord av året. Frå engelsk har vi lånt inn grexit, ei forkorta samansetjing av gresk og exit. Ordet kjem av spekulasjonane om Hellas kjem til å forlate eurosamarbeidet. Eit anna tilskot til det norske ordtilfanget er glanekø. Ordet vert nytta i ulike tilfelle og medium om skodelystne bilistar som bremsar opp ved ulykker eller andre hendingar langs vegen. Til slutt kan vi òg nemne karbonsko, ei teknologisk nyvinning i langrennsverda. Slike sko er laga av karbon og er dimed lettare og stivare enn vanlege skisko.

  1. nave (naving)
  2. grovkarbo
  3. bankunion
  4. strøymeteneste/strømmetjeneste
  5. smartskule/smartskole
  6. monsterløn/monsterlønn
  7. halehelt
  8. grexit
  9. glanekø
  10. karbonsko

Kontaktinformasjon:

  • Gisle Andersen, professor ved Noregs handelshøgskole (NHH), mobil 93 46 86 41
  • Svein Arne Orvik, informasjonssjef i Språkrådet, telefon 22 54 19 62, mobil 938 06 923

Pressebilete:

NHHlogoSpråkrådet_logo

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:05.12.2012 | Oppdatert:19.11.2021