Jernteppe

No image

9. november er det 30 år sidan Berlinmuren fall. Datoen er nemnt som dagen då jernteppet fall, og hendinga markerte slutten på den kalde krigen.

Då andre verdskrigen tok slutt, vart Europa delt i to. Grensa mot det kommunistiske Aust-Europa, og delinga mellom aust og vest, vart i vest ofte kalla jernteppet.

Opphavleg var eit jernteppe ein skiljevegg av jern til å senke ned mellom scenen og salen i eit teater i tilfelle brann. Men alt for meir enn hundre år sidan hadde ordet vorte ein metafor for mellom anna ein ugjennomtrengeleg mur eller eit absolutt skilje. Det var den den britiske statsministeren Winston Churchill som gjorde ordet allment kjent som nemning på todelinga av Etterkrigs-Europa. I ein kjend tale i USA i 1946 brukte han uttrykket iron curtain.

Ordet er også brukt overført i det faste uttrykket å få jernteppe. Dette uttrykket er minst seksti år gammalt i norsk. Truleg vart det først brukt av skodespelarar om det å gløyme replikkane sine, men utover i 1960- og 70-åra kom det meir generelt i bruk om det å gløyme noko brått.

Å gløyme har som kjent noko med hjernen å gjere, så ikkje sjeldan høyrer vi no uttrykket i ein annan versjon: å få hjerneteppe. Denne varianten byggjer på ei misforståing. Det rette er å få jernteppe. På nynorsk kan det òg heite å få jarnteppe.

 

Publisert 8. november 2019

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:08.11.2019 | Oppdatert:03.08.2021