Hen

No image

Kan vi bruka hen på norsk i staden for han/ho? Kan vi bruka hen om dei som ikkje vil bli kalla han eller ho? Og kjem hen inn i ordbøkene? Kort sagt: nja, ja og tja.

Nokre meiner at hen skal brukast i staden for andre kjønnsnøytrale uttrykk som ho/han eller vedkomande, altså når kjønnet er ukjent eller uvesentleg eller skal utydeleggjerast. Men mange vil òg at hen skal brukast kjønnsoverskridande og visa til personar som ikkje kjenner seg heilt som ein han eller ei ho.

Det er ikkje duka for eit heilt knirkefritt samliv mellom den kjønnsnøytrale og den kjønnsoverskridande tydinga. Språkrådet meiner den kjønnsoverskridande er lettast å stø, men vi ser at bruken av den kjønnsnøytrale tydinga har fått eit visst omfang i svensk.

Førebels meiner Språkrådet det er for tidleg å ta ordet inn i rettskrivingsordbøkene. Eit nytt pronomen bør vera skikkeleg innarbeidd først.

Språkrådet har desse råda:

Nja til kjønnsnøytralt hen. Bruk helst etablerte kjønnsnøytrale alternativ i generell omtale av personar når du skriv for det offentlege eller på vegner av folk du ikkje har rådspurt.

Ja til kjønnsoverskridande hen. Strekk deg generelt eit stykke for å koma andre grupper i møte dersom dei vil bli omtala på ein viss måte – eller vil sleppa å bli det.

Tja til oppføring i ordbøkene. Det vil seia at vi ventar, men følgjer med på utviklinga i språksamfunnet.

 

Publisert 18. mars 2016

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter