Tilskottsordning for innsamling av stadnamn

No image

Språkrådet lyser ut tilskott til innsamling og registrering av stadnamn. Søknadsfristen er 1. mai 2024.

I statsbudsjettet for 2024 er det sett av 1 540 000 kroner til ei tilskottsordning for innsamling og registrering av stadnamn (kapittel 326 post 73). Kulturdepartementet har gitt Språkrådet i oppdrag å forvalte denne ordninga.

Stadnamn er viktige språklege kulturminne. Det språkhistoriske, kulturhistoriske og busetjingshistoriske aspektet ved desse namna kastar lys over liv og virke i tidlegare tider. Dei fleste eldre stadnamn er overleverte munnleg frå den eine generasjonen til den neste. Endringane i busetjingsstrukturen og overgangen til maskinelle driftsformer i primærnæringane gjer at mange gamle stadnamn går ut av bruk. Kulturarven som desse namna representerer, står i fare for å gå tapt når dei siste som kjenner til og bruker namna, fell frå.

Formålet med tilskottsordninga er å bidra til å berge denne kulturarven ved å gi støtte til lokale aktørar som vil samle inn stadnamn. Innsamling og registrering skal samordnast, slik at namna kan bli tilgjengelege for flest mogleg. Det materialet som blir samla inn, skal derfor leggjast inn i ein nasjonal namnebase som er under utvikling. Gjennom dette verktøyet kan namna leggjast direkte inn på elektroniske kart. Dei som registrerer og samlar inn stadnamn, skal kunne leggje inn opplysningar knytte til namnet, inkludert lydfiler med uttaleopplysningar og bilde av staden. Det blir lagt opp til at fagpersonar i ettertid skal kunne kvalitetssikre data og leggje til opplysningar, til dømes om den språklege tydinga av namna. Namnebasen skal kunne brukast både i vitskapleg samanheng og til å auke kunnskapen om stadnamn som immaterielle kulturminne.

Retningslinjer for tildeling av midlar til innsamling av stadnamn

Innsatsområde for 2024

Namneinnsamlinga kan gjelde kvenske, samiske, skogfinske og norske namn. Eventuelle prosjekt som gjeld stadnamn i Noreg på romani, romanes eller norsk teiknspråk, vil vere velkomne. Tiltaket skal ha eit heilskapleg nasjonalt perspektiv. Austlandet, Sørlandet, Trøndelag, Troms og Finnmark er område som særleg treng meir namneinnsamling, men prosjekt som gjeld andre område, vil òg kunne få støtte.

Kriterium for tildeling av tilskott / krav til innsamlingsarbeidet

  • Språkrådet ønskjer ei så grundig innsamling som råd, og det er derfor eit krav for å få tilskott at innsamlingsarbeidet er konsentrert til eit klart avgrensa område. Det kan til dømes vere ein del av kommunen tilsvarande eit kyrkjesokn eller eit anna naturleg avgrensa område.
  • Språkrådet vil prioritere søkjarar som samarbeider med frivillige lag og organisasjonar i lokalmiljøet.
  • Det er ein føresetnad at registreringsverktøyet som er omtala ovanfor, blir bruka aktivt i innsamlingsprosjektet. Det er utarbeidd ei rettleiing til verktøyet, og tilskottsmottakarane vil få tilbod om rettleiing og oppfølging undervegs i innsamlingsarbeidet.
  • Tilskottsmottakarane må ha ein namngitt prosjektleiar. Prosjektleiaren er ansvarleg for organisering, gjennomføring og rapportering av innsamlingsarbeidet. Det er ein føresetnad at prosjektleiaren har erfaring frå innsamling av stadnamn, eventuelt registrering av andre kulturminne. Prosjektleiaren må kvalitetssikre det innsamla materialet før det blir publisert.

Kven kan søkje?

Lokale aktørar (fylkeskommunale, kommunale eller private) som samarbeider med frivillige lag og organisasjonar.

Kva blir det ikkje gitt tilskott til?

Det er utvikla eit registreringsverktøy som skal brukast i innsamlingsarbeidet. Det vil derfor ikkje bli gitt støtte til utvikling av andre tekniske løysingar, til dømes databasar eller nettsider.

Kor mykje kan det søkjast om?

Kor store tilskotta er, vil variere med storleiken på prosjektet, men i dei fleste tilfella vil det vere tale om mellom 50 000 og 200 000 kroner. Språkrådet vil understreke at tilskottet aleine ikkje vil kunne fullfinansiere kvart av innsamlingsprosjekta. Innsamling og registrering av stadnamn er i høg grad avhengig av frivillig arbeid. Derfor er det òg ønskjeleg at tilskottsmottakarane samarbeider med frivillige lag og organisasjonar i lokalmiljøet. Vi oppmodar òg kommunar, fylkeskommunar og andre lokale og regionale samarbeidspartnerar til å skyte inn eigne midlar for å stimulere til auka effektivitet.

Midlane skal utbetalast i dette budsjettåret (2024).

Søknadsprosess og tidsfristar

Søknadene blir behandla av Språkrådet. Søknadsfristen er 1. mai.

Har du spørsmål om tilskottsordninga, kan du kontakte rådgivar Line Lysaker Heinesen på e-post line.lysaker.heinesen@sprakradet.no eller på telefon 45 73 70 45, eller seksjonssjef Daniel Gusfre Ims på e-post daniel.ims@sprakradet.no eller på telefon 95 76 51 52.

Korleis søkje?

Vi har ikkje eit eige søknadsskjema for tilskottsordninga. Søkjaren må sjølv utforme søknaden.

Send søknaden til:

Språkrådet, Postboks 1573 Vika, 0118 Oslo

eller på e-post til post@sprakradet.no.

Merk søknaden «Tilskottsordninga for innsamling og registrering av stadnamn».

Kva skal søknaden innehalde?

  • kort omtale av det geografiske området for innsamlingsprosjektet
  • opplysningar om søkjaren
  • namn på prosjektleiaren
  • prosjektskisse
  • framdriftsplan
  • samarbeidspartnerar
  • budsjett og søknadsbeløp

Vilkår for tilskott

Prosjektleiaren er ansvarleg for organisering, gjennomføring og rapportering av innsamlingsarbeidet.

Tilskottsmottakarane vil få tilsendt tildelingsbrev.

Generelle vilkår

Prosjektet skal gjennomførast i tråd med prosjektskissa og framdriftsplanen i søknaden. Det kan bli stilt spesielle villkår til enkeltprosjekt utover dette.

Kunnskapsoverføring

I samband med presentasjonar og i rapportar skal det opplysast at prosjektet er støtta av Språkrådet. Prosjektrapportar vil kunne publiserast på nettsidene til Språkrådet og brukast i anna publisering frå Språkrådet. Namnebasen vil bli tilgjengeleg frå nettressursar Språkrådet har eigarskap i.

Det er ønskjeleg at tilskottsmottakarane ved seinare høve kan stille opp på kurs, seminar og liknande for å formidle erfaringar frå innsamlingsprosjektet.

Rapportering

Tilskottsmottakaren pliktar å varsle Språkrådet med det same dersom det oppstår vesentlege avvik frå dei premissane som ligg til grunn for tilskottet.

Tilskottsmottakaren skal sende statusrapport til Språkrådet med opplysningar om kva tidspunkt det er venta at midlane er disponerte.

Tilskottsmottakaren skal så snart som råd, og seinast tre månader etter at tilskottet er disponert, eventuelt innan den fristen som er fastsett i tildelingsbrevet, rapportere til Språkrådet om korleis midlane er disponerte. Tilskottsmottakaren skal saman med rapporten sende inn rekneskapsoversikt for korleis tilskottet er disponert. For tilskott under 500 000 kroner er det ikkje krav om at rekneskapsoversikta er stadfest av revisor.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:20.05.2015 | Oppdatert:26.02.2024