Strikken eller strikket?

Heiter det ein strikk eller eit strikk (som i til dømes hårstrikk)?

Svar

I tydinga ‘elastisk band el. snor’ er strikk berre hankjønnsord (strikken) i både nynorsk og bokmål.

Dette gjeld òg samansetjingar, som gummistrikk og hårstrikk.

Men i mange dialektar er strikk inkjekjønn, altså eit strikk (fleire stader uttalt strekk). Strikket er altså ikkje nokon grammatikalsk feil sjølv om forma ikkje finst i rettskrivinga. 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:19.04.2024