Skjegget i postkassa

Kva er opphavet til uttrykket å stå med skjegget i postkassa?

Svar

I Snorre Evensberget og Dag Gundersens Bevingede ord heiter det at skjegget i postkassa (eller svensk: brevlådan) er eit fellesnordisk uttrykk kjent frå 1950-åra om det å koma i klemme, å vera i knipe. Noko meir står det ikkje.

Definisjonen i Norsk ordbok med 1000 illustrasjoner verkar meir råkande for norsk i dag: «ha mislykkes, sitte med ‘lang nese’ (ofte: fordi man har latt en sjanse gå fra seg e.l.)» Men heller ikkje her får vi forklart bakgrunnen.

I slangordboka til Ulf Gleditsch står uttrykket alt i 1952, og det hadde sikkert vore i bruk munnleg ei tid då. I Verdens Gang står det alt i 1948. Ingvald Marm skreiv om emnet i si slangordbok frå 1962 og meinte det var den meir nærliggjande bordskuffen som vart vridd til postkassa/postkassen i si tid. Her får vi ein teori om opphavet:

 

Dette var ikkje heilt enkelt. Men det meste er jo mogleg i slang, så usannsynleg er det ikkje. Berre tenk på korleis å drite på draget er vridd til å bæsje på leggen eller i skuffen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:18.04.2024