Kronebeløp: rekkjefølgje, komma og strek

Skal ein skrive beløp med eller utan komma og strek, altså «kr 500,–» eller «kr 500»? Og skal kr stå føre eller etter talet? Kva med NOK?

Svar

Alt er i og for seg rett, men skriv gjerne på den enklaste og mest naturlege måten, altså 500 kr, når det ikkje er nokon spesiell grunn til å bruke andre variantar. NOK står helst føre talet, men er berre brukt der det er viktig å presisere valutaen.

Merk at ein eventuell strek er tankestrek, ikkje bindestrek, og at komma og strek aldri må brukast etter eit ørebeløp. Streken står for 00 øre. Etter kr skal det ikkje stå punktum, bortsett frå til slutt i setningar, sjølvsagt.

I tale er den naturlege rekkjefølgja å ha talet fyrst. I vanleg tekst er 500 kr (eller helst 500 kroner) i utgangspunktet det beste. I visse oppstillingar kan det vere rett å snu på det.

Er det tale om fleire valutaer i teksten, bør ein skrive nkr i staden for kr. Den internasjonale valutakoden er NOK, og det er vanleg å setje han føre talet (utan kr etter).

Det er ingen grunn til å bruke nkr eller NOK dersom kr er eintydig i samanhengen.

 

 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:18.04.2024