Hen

Kvar kjem pronomenet hen frå? Kan ein bruke hen for å vise til ein tenkt person utan omsyn til kjønn? Korleis ser objektsforma av hen ut?

Svar

Det kjønnsnøytrale pronomenet hen har kome inn i norsk dei siste åra og blir brukt i to litt ulike tydingar. I juni 2022 kom ordet òg inn i rettskrivingsnormene for nynorsk og bokmål. Hen har kome inn i norsk frå svensk, der det blei lansert i 1966 og teke inn i Svenska Akademiens ordlista i 2015. Inspirasjonen for ordet kjem frå det finske pronomenet hän.

Hen, vedkomande, han eller ho

Når vi treffer på pronomenet hen i tekstar, er det ofte i samanhengar der ein ikkje treng å spesifisere kjønn, som her:

Blir studenten teken i fusk, kan hen bli utestengd frå studiestaden i fem år.

Her viser vi til eit menneske eller ei gruppe menneske utan omsyn til kjønn.

Tradisjonelt har ein gjerne brukt han eller vedkomande i slike tilfelle, men det er ikkje like vanleg i dag. Språkrådet har tilrådd ho eller han. Både vedkomande og ho eller han er framleis klart vanlegare enn hen. Ein del språkbrukarar synest likevel at det kjønnsnøytrale hen er praktisk å bruke i slike tilfelle, og no kan dei altså gjere det med rettskrivingsordbøkene i ryggen.

Dersom ein er i tvil om kva for eit kjønnsnøytralt uttrykk som høver best i ein viss samanheng, tilrår Språkrådet ho eller han (eller han eller ho), som lenge har vore nokså allment akseptert. Ein kan dessutan ofte skrive om til fleirtal: «Studentar som blir tekne i fusk, kan bli …».

Hen brukt spesifikt om ein person

Pronomenet hen kan òg brukast om spesifikke einskildpersonar, som her:

Hen er fødd i 1991 og definerer seg som ikkje-binær.

Ordet kan altså brukast om einskildpersonar som ikkje kjenner seg heime i det tradisjonelle tokjønnssystemet. Men merk at ikkje alle i denne gruppa ønskjer å bli omtalte som hen, så ein er nøydd til å sondere terrenget. Generelt er det viktig å understreke at det ikkje er eit ein-til-ein-tilhøve mellom personleg pronomen og kjønnsidentitet.

Objektsform og eigeform

Hen har same form anten det står som subjekt eller objekt, så det blir altså slik:

Hen var her i går.

Eg har ikkje sett hen her på lenge.

Eigeforma av hen dannar vi ved å leggje til -s:

Eg har gløymt namnet hens.

Eit anna hen

Konteksten vil i dei aller fleste tilfelle gjere det klart om vi har å gjere med pronomenet hen eller adverbet hen, som i «Kvar skal du hen?». At to eller fleire ulike ord har same skrivemåte og same uttale, såkalla homonymi, er svært vanleg i språket. Av og til kan homonymi føre til misforståing, men det skal godt gjerast å forveksle pronomenet og adverbet hen.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:17.06.2022 | Oppdatert:18.04.2024