Designen eller designet?

Kva kjønn har ordet design? Eg ser at både designen og designet er i bruk.

Svar

Til nyleg har det vore å rekna som berre eit hankjønnsord:

ein design – designen – designar – designane (nynorsk)
en design – designen – designer – designene (bokmål)

Dette har før vore overveldande mykje vanlegare enn inkjekjønnsvarianten. Men det har skjedd mykje med målkjensla på dette punktet dei siste tiåra. I 2014 vedtok Språkrådet at design òg kan vera eit inkjekjønnsord:

eit design – designet – design – designa (nynorsk)
et design – designet – design – designa/designene (bokmål)

Òg i dansk er inkjekjønn på frammarsj her. I svensk held hankjønnet eller felleskjønnet seg betre.

Du kan lesa litt meir om ordet under Aktuelt på nettsidene til Språkrådet eller i Språknytt 1/2014. Nedanfor er utviklinga i eit utval prenta kjelder hos Nasjonalbiblioteket:

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:19.04.2024