Web og wok i bestemt form
Korleis skriv ein web og wok i bestemt form?
Svar
Det er fastsett valfri skrivemåte:
- web – weben eller vebb – vebben
- wok – woken eller vokk – vokken
Skrivemåten gjeld begge tydingane av web/vebb.
Vidare har vi verba å webbe/vebbe (‘impregnere webstoff’) og å wokke/vokke.
Du finn alt dette i nettversjonen av Bokmålsordboka og Nynorskordboka.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).