Virus eller virus? Om forbokstav i samansetningar med -virus
Er det Noroviruset eller noroviruset som er årsak til årvisse farangar med oppkast og diaré i barnehagane?
Det heiter noroviruset (og eit norovirus) med liten forbokstav.
Namnet på dei fleste sjukdomar og virus skriv vi med liten forbokstav. Krondøme: covid og koronaviruset!
Namnet norovirus har rot i stadnamnet Norwalk (det var i Norwalk i Ohio viruset vart isolert fyrste gongen, står det i leksikon), men det spelar ikkje noka rolle for skrivemåten. Vi brukar liten forbokstav òg i samansetningar der fyrste leddet er eit særnamn, som asiasykja, zikavirus og ebolavirus.
Eventuelt brukar vi stor forbokstav og bindestrek, som i Epstein-Barr-virus.
Namn på sjukdomar og syndrom skriv vi med stor forbokstav når særnamnet står for seg med genitivs-s: Alzheimers sjukdom, Eisenmengers syndrom. Legg merke til mellomrommet. Kortvarianten av namnet får liten forbokstav att. Det heiter altså alzheimer om sjukdomen og Alzheimer om personen.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).