Uttalen av skyr
Korleis uttaler ein namnet på det islandske mjølkeproduktet skyr på islandsk og på norsk? Skal ein uttala det som presensforma skyr (av å sky) på norsk, med sj-lyd?
På islandsk uttalar dei ikkje skyr med sj-lyd eller kj-lyd.
Dei uttalar det med ein (litt tjukk) s + ein hard k med ei aning av eit j-slag etter.
Bokstaven ý blir på islandsk uttalt som ein lang norsk i. Men y utan aksent, som i skyr, er noko anna. Det ein mellomting mellom i og e. Uttalen /sjyr/ er dermed heilt uislandsk. Islandsk uttale minner meir om /skér/ for eit norsk øyra. Men det er altså ikkje heilt rett, det heller.
Det er naturlegvis rett å uttala skyr på islandsk vis på norsk, men det er ikkje realistisk at alle nordmenn skal greia det – eller oppfatta det rett for den del. Ein må nok godta den strengt teke ravgalne bokstavuttalen /skyr/.
Det same ordet (gammalnorsk skyr) heiter på moderne norsk skjør (uttalt /sjør/), men det har ei anna tyding. Ein kunne i prinsippet ha kalla skyr islandsk skjør, men det ville vore tungvint.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).