Uttalen av «de» på nynorsk
Korleis skal pronomenet de (2. person fleirtal) uttalast på nynorsk?
Svar
Den vanlegaste uttaleforma er /de/. Den kan du trygt bruke.
Uttaleforma /di/ finst i somme dialektar (mellom anna i delar av Trøndelag og elles i austnorsk), og den uttaleforma må òg godtakast, særleg hos dei som har ho i dialekten.
Var denne teksten stort sett grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men les dei nøye.