Uttale av k som i «kald» eller som i «kylling»
Finst det faste reglar for når bokstaven k skal uttalast som i kald, og når han skal uttalast som i kylling?
K uttalar vi med kj-lyd framfor i, y, ei og øy, elles med vanleg k-lyd. Nokre lånord har unntak frå regelen.
G lyder dei same reglane som k, men blir til j.
Framfor i, y, ei og øy uttalar vi altså k som /kj/ og g som /j/:
kime, kylling, keisam, køyre
gilde, gyllen, geipe, gøyme
Framfor dei same lydane uttalar vi bokstavkombinasjonen sk som /sj/:
skinn, skyte, skeiv, skøyte
Framfor andre vokalar uttalar vi k og g hardt, altså k som /k/ og g som /g/.
Merk at vi nesten aldri skriv j mellom k/g og vokalane/diftongane ovanfor. Jamfør regla: «I-en og y-en var ute i byen. Der møtte dei ein j, han fekk ikkje vere med.» Det er litt tilfeldig at e og ø i si tid ikkje vart omfatta av denne regelen (medan ei og øy vart det). Språkhistorisk har i, e, ei, y, ø, øy mykje sams; sjå nedanfor.
Unntak og årsak
For mange hundre år sidan hadde vi ein periode då k og g automatisk vart til kj- og (g)j- føre alle dei såkalla fremre vokalane i, e, æ, y og ø (medrekna diftongane ei og øy). Ord med hard k og g føre desse vokalane må altså vera komne inn i nyare tid, eventuelt har dei hatt ein annan rotvokal tidlegare.
Det er altså særleg blant lånorda vi finn unntak frå skrivereglane.
Verbet å gøy (slik hundar gjer) er gammalt i norsk og har regelrett j-lyd, medan substantivet gøy ‘moro’ er lånt inn frå engelsk og har g-lyd. Unntaka følgjer ikkje noko greitt system. Såleis har vi kj-lyd i keramikk, men k-lyd i kiwi. Lånordet keiser har k-uttale i bokmål, medan nynorsk keisar helst skal uttalast /kjeisar/. Kynisk heiter i dag /kjynisk/, men hadde helst hard uttale før. Det er blitt betre integrert i norsk.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).