Utmerket på nynorsk

Kva heiter «utmerket» på nynorsk? Utmerkt eller utmerka? Og heiter det at ein har merkt eller merka seg noko?

Svar

Formelt sett er utmerkt rett, men skriv gjerne framifrå i staden, om det høver. Dette har du no merkt eller merka deg; det er altså valfritt.

E-verb med -t i perfektum: utmerkt

På nynorsk har vi reservert a-verbet merke for ‘det å leggje merke til noko’:

å merkemerkar – merka – har merka

E-verbet merkje brukar vi om ‘det å setje merke på noko; markere’.

å merkjemerkjer – merkte – har merkt

Ein kan merkje noko ut, opp, av og så vidare. J-en, som er valfri, tydeleggjer skilnaden mellom verba.

Altså:

Noko som er merka, har ein lagt merke til.
Noko som er merkt (ut), har ein sett merke på (slik at det skil seg ut).

På nynorsk heiter det difor å merkje seg ut og å vere utmerkt.

Likevel: Utmerket! = Framifrå!

Å skilje seg ut, å merkje seg ut, å stikke seg fram og å bli framheva er variasjonar over same tema. Alt dette er god nynorsk.

Men utmerkt som karakteriserande adjektiv (i tydinga god) har ikkje vore mykje nytta på nynorsk. Det smakar av direkte omsetjing frå litt formelt bokmål (der ein framleis kan høyre uttalen /udmerket/, som vitnar om kva stilregister ordet har høyrt til). På nynorsk har ein helst omtalt det annleis.

Det som skil seg positivt ut, kallar ein tradisjonelt framifrå på nynorsk. Framifrå svarer såleis òg til fremragende på bokmål. «Utmerkede resultater» og «fremragende prestasjoner» kan trygt omsetjast med framifrå resultat og framifrå prestasjonar. Som adverb kan ein òg nytte utifrå (som i utifrå fint).

Ein kan dessutan variere med (særs) godt og ikkje minst grepa.

Valfritt merkjer/merkar seg

Om du skriv deg alt dette bak øyra, har du unekteleg merkt noko der (sett merke). Men det er valfritt å skrive har merkt seg eller har merka seg. Grunnen er nok at å merk(j)e seg noko i tyding ligg svært nær å merke noko.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:23.01.2023 | Oppdatert:01.02.2023