Unntatt offentlighet på nynorsk?
Kva heiter unntatt offentlighet eller unntatt offentligheten på nynorsk?
Du kan mellom anna skrive unnateke frå offentleg innsyn.
Bokmålsordet offentlighet kan delast i tre:
1 ålmenta/allmenta (= bokmål allmennheten), folk flest, publikum
2 omtale, publisitet
3 offentleg innsyn (dvs. innsyn for ålmenta)
Slik er det òg inndelt i boka Med andre ord av Magne Rommetveit. Under 3 der finn vi «unntatt offentlighet»:
Det kunne vore nok med
ikkje for ålmenta
ikkje (til) ålment innsyn
ikkje offentleg innsynsrett
ikkje offentleg
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).