Underlag for varme kjelar
Finst det noko norsk ord for ei korkbrikke, fjøl eller liknande til å setje varme gryter og panner på? Eg har sett det omtalt som «dings til å sette varme ting på», men det verka no litt tungvint.
Nokre ord for slike brikker er bordskånar, gryteunderlag, varmebrikke. Meir spesielle innretningar er rist og brannfot.
Eit nykonstruert ord for det same er hambus. Det vart lansert i radioprogrammet Mamarazzi i 1999.
I Nomenklatur for drikkestell (1983) finn vi dette:
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).