Ugler i mosen

Stemmer det at uttrykket ugler i mosen (altså ‘noko mistenkeleg’) botnar i ei mistyding?

Svar

Ja, her er det visst som i serien Twin Peaks: The owls are not what they seem! Det opphavlege uttrykket i dansk tyder det same som ulvar i myra, for dansk mose = norsk myr.

For fleire hundre år sidan skjedde det eit samanfall i nokre jyske dialektar, slik at dei sa ulle(r) for både ulvar og ugler. Det var dermed duka for mistyding og utskifting.

Opphavleg heitte det ulve i mosen på dansk. Tidleg på 1700-talet dukka dei fyrste uglene i mosen opp i skrift, og utetter i hundreåret vart ulvane meir sjeldsynte både i dette uttrykket og ute på sjølve dei danske myrane. På Sjælland vart det vanleg å snakka om ugler i mosen.

Vi har overteke eit dansk uttrykk utan å forstå det heilt, men det høver jo godt, sidan uttrykket nettopp viser til noko mystisk. Det er vel ikkje så mange som forstår muffens heller, utan at det gjer så mykje.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:18.04.2024