Treenighet på nynorsk
Eg leitar etter det rette nynorskordet for det som på bokmål heiter anten treenighet eller trefoldighet. Kan de hjelpa?
Svar
Treeining er det ordet som er brukt på nynorsk.
I Nynorskordboka er treeining forklart som ‘kristen førestelling om at Gud er éin i grunnhått, men med tre openberringsformer: Faderen, Sonen og Heilaganden’.
Dette er ikkje ord frå Bibelen, men frå teologien.
Før heitte det òg trieining.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).