Tredjedel, tredel, fjerdedel, firedel og så vidare

Dei siste åra synest eg det er vorte mykje vanlegare å skrive åttedel enn åttendedel eller åttandedel, og då særleg innanfor sportsjournalistikk. Eg har sjølv gitt meg for overmakta og gått over til åttedelsfinale. I samband med fotball-VM brukar både NRK og TV 2 åttandedelsfinalar, medan TV3 konsekvent brukar åttedelsfinalar. Kva alternativ tilrår Språkrådet?

Svar

Her må du nesten velja sjølv.

Åttedel og åttandedel er heilt jamstilte former, som tredel og tredjedel, firedel og fjerdedel osb., sjå til dømes Nynorskordboka. Slik har det vore sidan 25.5.1951, då eit rundskriv frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet slo fast både dette og den nye teljemåten (tjueein for einogtjue osv.)

Tredel osv. er innført som ei pedagogisk forenkling. Vi får av og til brev med argumentasjon mot ord som tredjedel og fjerdedel:

«Det står på siden her at man kan si en fjerdedel i stedet for en firedel. Dette kan vel ikke være riktig? [...] La si vi snakker om en bil. Da er en firedel 25 % av bilen. Hvis man sier en fjerdedel så blir det som å si at man har del nummer fire av bilen, noe som betyr noe helt annet?»

Denne tankegangen syner kanskje at pedagogane i si tid var inne på noko, men noko eigentleg argument mot fjerdedel er han ikkje. Forvirringa kan like gjerne vera ein konsekvens av at firedel vart teke inn i språket, for der det finst ulike ord eller former, søkjer folk ulik meining med dei.

Firedel gjev heller ikkje meining utan vidare, men begge variantane er fullt brukande kvar for seg. Skal vi prøva å forstå fjerdedel bokstavleg, kan vi tenkja oss at ein fjerde del = éin av fire delar, som jo står for det same som 25 %.

I retteleg gamle dagar heitte det forresten tridjung, fjordung/fjerding osv., som òg var framifrå gode ord. Sidan kom tredjepart og fjerdepart inn og gjorde seg seg sterkt gjeldande, ikkje minst i målføra, der desse orda mange stader heldt seg lenge.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter