Timing

Har de eit norsk alternativ til det engelske ordet timing

Svar

Det finst ikkje noko innarbeidd ord som dekkjer alle bruksmåtar av timing. Difor er timing teke inn i norsk, til og med i den norvagiserte forma taiming (jf. svensk tajming).

Legg merke til kor omstendeleg ordet er forklart i norske ordbøker, som t.d. naob.no:

beregne, fastsette tidspunkt for noe i forhold til noe annet som det er avhengig av, blir påvirket av e.l.

Det seier litt om kor vanskeleg det er å finna ein fast avløysar til timing.

I ei synonymordbok (Magne Rommetveits Med andre ord) er det sett opp tre tydingar av å tima /taima/:

1) fastsetja (setja opp, velja) tids\skjema (-punkt, -ramme, -tabell) for. Jf. beregne (1) //  t. programmet fastsetja tidsskjema (kalkulera el. måla tidslengd, velja det rette tidspunktet) for. Jf. beramme

2) tilmåta (avpassa, samordna) i tid; synkronisera // turneen var godt t.et følgde (vart gjennomført etter) den oppsette (tids)planen / var godt planlagd / alt klaffa […] // t. klokkene stilla klokkene likt / synkronisera

3) ta tida (med tidtakar, stoppeklokke) // programmet må t.s før det sendes må klokkast (ein må ta tida på programmet) før det blir sendt […] // Koss ble t.et på 6.49.11 vart klokka av på (fekk tida) 6.49.11

Uttrykka ovanfor er best der dei er dekkjande. Det er ingen grunn til å skifta ut godt berekna/planlagt eller alt klaffa med (det var) godt tima når det går fram av samanhengen at det handlar om berekning av tid.

Stutt sagt: Gode ord i rett tid er betre norsk enn til dømes vel talt og godt tima. Men der vi elles treng lange omskrivingar, må det vera greitt å ty til tima og timing

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:09.06.2023 | Oppdatert:22.04.2024