Er og-teiknet brukande?
Eg lurer på om det finst nokon retningslinjer for bruken av teiknet &, altså ‘og’. Kan ein til dømes utan vidare skrive «stil & farge» eller «tid & stad»? Og kva heiter teiknet?
I vanleg tekst bør ein ikkje nytta teiknet &. Det høyrer heller ikkje heime i offentlege namn og nemningar.
På norsk tyder & alltid ‘og’. Det var lenge nesten berre nytta i firmanamn, til dømes «Jensen & Co.». Det er òg tradisjonelt nytta mellom namn på samforfattarar, som i «Koht & Skard», men dette er ikkje obligatorisk.
I nyare tid er det teke i bruk som eit verkemiddel i poesi og kunst. Ikkje minst har marknadsførarar og andre kommersielle aktørar nytta det til å piffa opp namn og nemningar og gje dei ein lett retro-dåm.
Teiknet bør ikkje takast i allmenn bruk. Det vil mellom anna vanskeleggjera søking i basar og på nettet. Men der det er brukt tradisjonelt og fyller ein funksjon, er det ikkje noko problem. Ein får sjølv vurdera om det er for moteprega.
Teiknet & blir gjerne kalla et-teikn, fordi det opphavleg gjev att den latinske konjunksjonen et, som tyder ‘og’. I Cappelens Stor norsk-engelsk ordbok står det dessutan at teiknet blir kalla «ampersand el. kommersielt og-tegn».
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).