Suksess: uttale
Korleis skal ordet suksess uttalast?
Generelt tilrår Språkrådet skriftnær uttale av framandord (importord), til dømes /jass/ og /kompromiss/. Den fransknære uttalen /syksé/ er likevel så vanleg at han må reknast som brukande ved sida av den meir tysk- og engelsknære uttalen /suksess/.
Nynorskordboka har med både /suksess/ og /syksé/ som uttalevariantar. Slik er det òg i Norsk Riksmålsordbok og NAOB. Går vi til uttaleordbøkene av Berulfsen (1969) og Vanvik (1985), finn vi same mønsteret. Vi må heilt attende til Alnæs’ uttaleordbok frå 1925 for å finne noko anna, nemleg /syksé/ og /syksess/, med den siste varianten i parentes. (I 1910-utgåva står han ikkje i parentes.)
I dansk har ein òg hatt begge slags uttale av succes, men det er varianten /sygsé/ som er nemnd i Den Danske Ordbog. Svenskane skriv beint fram succé.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).