Stupe kråke eller slå kollbøtte

Eg har eit par spørsmål om uttrykka å stupe kråke og å slå kollbøtte: Kva kom først? Og er det nokon meiningsskilnad mellom dei? Til dømes når det gjeld viljestyring?

Svar

Stupe kråke er nok det eldste i norsk talemål (dialektar). Uttrykka tyder stort sett det same.

Det rare med ordet kollbøtte er at det korkje kjem av substantivet bøtte/bytte eller uttrykket i koll ‘på hovudet’. Det ser vi at av det helst heiter kolbøtte og ikkje kulbøtte eller kuldbøtte på dansk (der i koll heter omkuld).

Ordet kjem frå fransk culbuter, av cul ‘bakpart’ og buter ‘snåve’ eller ‘støyte imot’ (i slekt med norsk baute ‘slå’ og engelsk beat). Men ein kan vel seie at cul har knytt seg til koll ‘hovud’ seinare. I alle fall handlar det om å gå hovudstups (jf. bokmål hodekulls). Ordet er gammalt i litteraturen her til lands, men truleg ikkje like gammalt i dialektane.

I dansk og norsk er kol(l)bøtte ei gymnastisk øving så vel som rulling i samband med eit fall e.l. I til dømes Haandbog i Gymnastik for Skoler og Seminarier (1891) er det tale om ei kontrollert øving. 

Stupe kråke er gammalt i norsk talemål, men i bokheimen ser vi det fyrst hjå Asbjørnsen og Moe i 1852, her i ei nyare utgåve av Det blaae Baand: «Så var det en dag den største løven jaget en hare, og den var blind, for rett som det var, løp den på både stokk og stein, og til sist rente den imot en furulegg, så den stupte kråke bortetter bakken like ned i en tjernpytt.» Ordlaget måtte forklarast for danske lesarar, og ei norsk-dansk ordbok omset det med ‘slaae kolbøtte’.

Haren ovanfor stupte ikkje kråke med vilje, men det har med samanhengen, ikkje uttrykket, å gjere. Elles er det særleg born som stuper kråke i litteraturen i tiåra etter, men stupinga er ofte kontrollert nok. Det ser ut til at kollbøtteslåinga stengjer for kråkestupinga i gymnastikkbøkene. Men det snur seg i 1920-åra, etter som norske ord og uttrykk vinn fram.

Andre tradisjonelle norske synonym er m.a. gjere/hoppe/støyte stålhuve (Nordvestlandet), stumpa/stupa/sturta/støyta sterte eller gump (Sørvestlandet). Å stupe kråke er nok opphavleg meir typisk for austnorsk. 

Vi kan ikkje sjå at det må vera ein skilnad mellom omgrepa, endå å stupe kråke vel inneheld ei jamføring med kråkerørsler (jf. òg å hoppe kråke om å hoppa på huk). I eldre dansk eller danske dialektar finst forresten at skyde (en) krage, som anten viser til å slå kollbøtte eller ein leik der ein kastar ein annan person.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter