Steinkast

Eg har fleire gonger fundert på kor langt eit steinkast er. Veit de om det finst noko slags cirkamål for det?

Svar

I Nynorskordboka er steinkast forklart som 1 ‘steinkasting’ og 2 ‘avstand, lengd så langt som ein kan kaste ein stein’.

Ordboka nemner «det ligg berre eit steinkast unna» som døme på praktisk bruk. Eit steinkast er eit særs omtrentleg mål, som berre kan sirklast varsamt inn. For kven er «ein» i definisjonen?  Det er vel ofte ein sjølv. I så fall er det ikkje fritt for at somme overvurderer styrken og kasteteknikken sin noko. Eller kanskje målet nærmar seg eit gjennomsnitt av (tenkte) gjennomsnittskast hos ulike personar? Det er i så fall ikkje til mykje hjelp!

Ordlaget finst i fleire språk, og det er all grunn til å tru at vi har hatt noko liknande i målet sidan steinalderen. Det eldste litterære dømet er frå Det nye testamentet: «Jesus drog seg ifrå deim (læresveinane) so langt som eit steinkast og lagde seg på kne og bad» (Luk 22,41). Det var nok ingen som tok nøyaktig mål då heller.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:16.02.2016 | Oppdatert:25.04.2024