Spreiing av skarre-r-en
Kan de seia litt om skarre-r-en og korleis han spreier seg?
Før år 1900 fanst hals-r eller skarre-r nesten berre på det sørlege Sørlandet og i nokre tettstader på Sør-Vestlandet. Sidan spreidde han seg kraftig i desse landsdelane. R-en har så å seia hoppa frå tettstad til tettstad før han har spreidd seg utover bygdene.
Denne relativt nye r-en spreidde seg frå parisarfransk på 1600-talet og frå København frå kring 1780-åra. Hos oss kom han truleg fyrst til Bergen og Kristiansand.
Hals-r-en er lett å læra, og tidlegare vart han rekna som fornem. Det er nok grunnen til at han har spreidd seg så lett.
Dialektkartet
No er hals-r-en i bruk i store delar av Aust- og Vest-Agder, nesten heile Rogaland, store område kring Bergen og delar av Sogn og Fjordane sør for Florø. Han spreier seg oppover Setesdalen, i Hordaland og i Sogn og Fjordane. Mange stader er det no berre dei eldste som nyttar rulle-r.
Det er spådd at Agder-fylka, Rogaland og Hordaland vil bli reine skarrefylke, og at store delar av Sogn og Fjordane kjem til å skarra. I aust og nord har hals-r berre fått innpass hos einskildpersonar. I søraust ligg grensa fast ved Risør.
Frogner-r
Utanfor Sør- og Vestlandet har hals-r-en vore nytta av eit lite mindretal på vestkanten i Oslo. Grunnen skal vera at ein tidlegare nytta barnepiker frå Sørlandet. Dette har vorte kalla Frogner-r, men det same ordet er nytta om ein særeigen mjuk og surrande (altså ikkje trillande) tungespiss-r på vestkanten (nærmast ein tilbaketrekt z).
I Kristiania (Oslo) rekna mange skarring som «fint». Ein av grunnane er at dansk, som har hals-r, tidlegare var teaterspråk i byen. Dessutan har bergensk finspråk (med hals-r) i periodar hatt høg status.
Uttalevanskar
Born som lærer å snakka, får lettare til å uttala skarre-r enn enn rulle-r. Det gjer at skarre-r-en lett spreier seg.
Men i område med austnorsk «retrofleks» uttale av rn, rt, rs o.l. er borna truleg meir motstandsdyktige mot hals-r-en, for desse retroflekse lydane ligg framme på tunga. Somme meiner difor at skarre-r-en ikkje vil spreia seg stort lenger aust- og nordover.
Les meir
Det er skrive ei heil bok om r-lyden: Arne Torp: R – ei urokråke i språket (Samlaget 2007).
Her er ein artikkel frå 2015 om spreiinga av skarre-r i Hordaland.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).