Spørjeteikn + komma ved sitat?

Eg ser av og til at forfattarar og andre skriv både spørjeteikn og komma ved sitat, til dømes slik: «Kjem du snart?», sukka Kari. Er dette rett teiknsetjing?

Svar

Nei, slik «dobbel teiknsetjing» er ikkje korrekt. Det heiter altså «Kjem du snart?» sukka Kari. 

Om du vel å sløyfe hermeteikna, skal det heller ikkje stå komma etter spørjeteiknet: Kjem du snart? sukka Kari.

Du finn meir informasjon om bruk av hermeteikn på Språkrådets nettsider her (under Hermeteikn og andre teikn) og her.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter