Snigel, spegel og speilegg
Heiter det verkeleg spegelegg på nynorsk? Eg har ikkje vanskar med å seie spegel, men eg slit litt med spegelegg. Det same gjeld snigel.
Nei, det heiter speilegg på nynorsk. Ein må rekne dette som eit lån frå bokmål i skrift. Men spegel kan uttalast /speiel/, så i prinsippet kunne vi gjerne ha skrive spegelegg og sagt /speilegg/. Snigel kan uttalast /sniel/.
I gamle norske ord som spegel, snigel og tygel (gammalnorsk spegill, snigill og tygill) har vi ein fremre vokal (e eller i) etter g-en. Etter gammalnorsk tid vart dei fleste g-ar som stod føre slike vokalar, mjuka opp til j-lydar. I visse samanhengar kunne dei bli til i-ar eller falla heilt bort.
- spegill > spegjel > speiel
- snigill > snigjel > sniel
- tygill > tygjel > tyel
Det er heilt greitt, ja faktisk tilrådeleg, å uttale desse orda /speiel/, /sniel/ og /tyel/. Tykkjer du det er rart at det ikkje er fullt samsvar mellom skrift og tale, hjelper det å tenkje på bokmål, der orda speil og snegl blir skrivne ulikt og uttalt likt: [spæil] og [snæil].
I fleirtal heitte det speglar, sniglar og tyglar i gammalnorsk, slik det framleis gjer i nynorsk. Her er ingen fremre vokal, så g-en har halde seg. Det har han òg gjort i samansetningar med snigle-.
Samansetningar med spegel har ikkje forma spegle-, men spegel-. I uttalen skil ein knapt mellom /speiel-/ og /speil-/. Speilegg (laga etter tysk Spiegelei) er mykje yngre ord i norsk enn spegel.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Les meir om baseartiklane i spalta til høgre (eller nedst, om du er på lesebrett/mobil).