Slaraffenland
Kva tyder slaraffen i ordet slaraffenland?
Slaraffen- kjem frå tysk Schlaraffe ‘lathans, dagdrivar’ (opphavleg ‘lat ape’).
I norsk bruker vi dette berre i samansetningar, særleg i slaraffenland og slaraffenliv. På tysk er Schlaraffenland nemning på eit fiktivt lykkeland der folk får alt dei vil, utan å arbeide. Førestillinga om dette landet oppstod truleg i mellomalderen, og det er mellom anna kjent frå fleire eventyr. Schlaraffenland tyder altså opphavleg ‘landet til dei late apane’.
Var denne teksten grei?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste. Merk at den lange teksten er for dei ekstra interesserte og tolmodige. I dei fleste artiklane finn du eit kort svar i ingressen, altså det fyrste avsnittet, som står med feit skrift. Vi rår frå å hoppa over det.