Skrifta på veggen

Kva kjem dette uttrykket av, og kva betyr det eigentleg?

Svar

Å sjå skrifta på veggen er å sjå at det lir mot slutten, og at det er for seint å gjera noko med det. Den som ikkje ser skrifta på veggen, er blind for lagnaden og i verste fall dauv for åtvaringar.

Uttrykket kjem frå forteljinga i Daniels bok kapittel 5 i Det gamle testamentet, der det står om gjestebodet hjå kong Belsasar: Kongen og stormennene prisa gudane sine medan dei drakk frå kar som var bortførte frå templet i Jerusalem. I lause lufta synte det seg då ei hand som skreiv på veggen at dagane til Belsasar og det babylonske riket hans var talde.

Skrifta på veggen var mene, mene, tekel, ufarsin. Korkje Belsasar eller vismennene hans kunne tyda dette. Dei laut tilkalla Daniel, ein av dei bortførde judearane. Han tydde skrifta slik: Mene: Talt har Gud dagane åt kongedømet ditt og gjort ende på det. Tekel: Vegen er du på vekta og funnen for lett. Peres (jf. ufarsin): Delt er riket ditt og gjeve til medarane og persarane. Belsasar vart drepen den natta.
 
På engelsk Wikipedia står ei utdjuping:
these words are known Aramaic names of measures of currency: MENE, a mina (from the root meaning 
«to count»),TEKEL, a spelling of shekel (from the root meaning «to weigh»), PERES, half a mina (from the root meaning «to divide,» but additionally resembling the word for «Persia»)
I dette lagnadstunge kapitlet i finn vi altså grunnlaget for heile fire faste uttrykk:
  1. å sjå skrifta på veggen / å se skriften på veggen
  2. å vera vegen og funnen for lett / å være veid og funnet for lett = ‘å ha blitt vurdert og avvist
  3. NNs dagar er talde / NNs dager er talte = ‘NN døyr snart’
  4. eit mene tekel / et mene tekel = ‘ulukkesvarsel eller høgtidleg åtvaring om lagnaden’ (den meir bokstavlege tydinga kan du lesa om på Wikipedia)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter